Skjærgårdsrittet 2010
Motvind gjer sterk ...
Versjon 1:
8 ryttere frå klubben stillte til start på årets Skjærgårdsritt. Dagen starta med kald nordvestlig vind, ein og anna regndråpe, og ein temperatur på 7-8 grader. Etter målgang kom sola fram, så betasuppen kunne nytast i eit kaldt, men flott vårvær.
Med vinden midt i mot det meste av vegen utover mot Hellesøy, vart det ein strabasiøs tur. Noko vinnertida også vitner om.
Våre ryttere gjorde eit flott ritt. Johnny sykla inn med vinnergruppa, og Nikolai vart klassevinnar i klasse 16-19 år.
Alle resultater ser du her:
http://www.emit.biz/races/2010.05.24/SkjaergAXrdsrittet_2010/index.htm
Nokre bilder frå dagens ritt:
http://picasaweb.google.com/115399749885199535975/SkjRgardsrittet2010?feat=directlink
Versjon 2:
Det var ein fin gjeng som sette kursen mot Arenum, dog med noget blandet forventningar til dagens dyst. Johnny er framleis svært forelska, Nils har trent for mykje og Rune for lite, Bengt har seld nokre bilar med mykje ekstrautstyr og var litt metta på sukksess og Egil S. hadde tre bunkar med tentamensoppgåver liggjande og ulma på stovebordet heima. I tillegg stilte The Hanevik Brothers, Søtviken og Camilla til start.
Johnny trudde det gjekk fint å køyra i 100 i Fløyfjellstunnelen. No veit han betre. Men, det var eit godt teikn for han ettersom han sat i dagens vinnarpulja. Nikolai og Paul Skeie sat lett og ledig med inn med dei beste i pulje 2 og Bengt smadra fjorårstida si. Camilla (Egil L. si svigerdotter) sykla mesteparten av vegen aleina og då er 2.23 ei svært god tid. I tillegg kan me nemna at Magnus var uheldig og punga i det me runda hushjørna på Arenum.
Me andre gjorde så godt me kunne ... men det var ikkje godt nok.
Uansett, då me kom heim var me alle samde om at det hadde vore ein kjekk tur.





