NM-bronse til Ola
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 30. jun 2025


På fellesstartane sykla Ola i junior og Thomas Vethe og Marius Flatebø i senior. Begge ritta vart svært harde, med smal og svingete vegar som gjekk opp og ned, nett som på Vasstrondi, og ein voldsom vind som gjorde det tungt for alle å henga med. Juniorfeltet sprakk tidleg opp, og det var berre 12 ryttarar som fekk sykla dei avsluttande rundane i Hønefoss. Ola var med og kjempa om topplasseringar heile vegen, men då det var 15 mann att var det 8 frå Ringerike og 4 frå Asker, så då vart det vanskeleg. Han fekk likevel til slutt ein solid sjuande plass. I seniorklassen køyre Uno-X brutalt for å kvitta seg med dei fleste. I ei løypa der det vart lett å skapa strekk og få feltet til å sprekka opp var det ei vanskeleg oppggåva for Thomas og Marius. Dei kriga godt lenge, og kom seg nesten heile hovedrunden før dei vart tekne ut på lik line med svært mange andre av ryttarane.
![]() |
| Thomas og Marius før start |
Marius, Thomas og Filip med sterk sykling på Fana 3-dagers
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 9. jun 2025




Marius sin rapport:
Ei bra helg der eg får ut da mesta av da eg er god for. Mangla ein fyrste plass frå helga er vell einaste nedturen. Plasserte meg litt dårleg på Lønningsrittet so kom litt for langt bak i spurten, men dei to andre ritta gjekk bra, fekk utblåsning for da eg hadde av krefte. Kjekt å køyra mange runda med Thomas å kjenna litt på lag følelsen. Spesielt på Lonevågsrunden då me klarte å spurta oss inn til 2. og 3. plass!!
Thomas sin rapport:
Lønningsritte: Prøver å gå i brudd på runde 3, giret låse seg og blir tatt igjen fort so fan. Kjøre ein halv runde og giret spele på lag igjen. Heilt topp. Vinne spurten i baktroppen då om ikkje anna. Lonevågsrunden: føler meg sterk heile dagen men Jonas viste musklar og kjørte ifrå oss ganske so lett. Gruppa på 3 som kjemper om pallen. Jobbe bra ilag, litt luring inn mot spurten, åpner spurten tidlig, men held nett ikkje til 2.plassen men kjekt når da går til lagkompis! Kanskje litt for hyggelig når ein ikkje velge raskaste veg
Fellesstarten: heilt enorm tung dag. Fyste runden går som vanlig bånn gass, og blir droppa opp bakken på 3. runden. Klara kriga seg opp i gruppo igjen i utforbakken, men får aldri godfølelsen tilbake. Måtte kriga for kvar meter. På nest siste runden var det litt kvikkare bein men var ein kortvarig feeling. Var i utgangspunktet ei løypa som kunne passa meg bra, med korte småknekkara, so kjedelig at det blei ein sånn dag.
Ola fekk prøva seg på landslaget
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 9. jun 2025
Denne helga deltok Noreg sitt juniorlandslag for herrer på Nations cup i Venezia, Italia. Mellom dei seks ryttarane fann me ein Vossevangen CK ryttar, nemleg Ola Blikberg Herheim. Etter ei rekke gode resultat i år, mellom anna tre sigrar på NC-nivå, fekk Ola sjansen på landslaget.
Fyrste rittet var ein prolog på 2,5 flate kilometer. Der fekk Ola tida 3:21 og var med det 11 sekund bak vinnaren. Sidan løypa var så kort og flat kom ryttarane tett som hagl på resultatlista og av dei 144 på start enda Ola på ein 40. plass. På det andre og tredje rittet var Ola tildelt rolle som hjelperyttar. Andre rittet var ein spurtetappe og der handla det om å hjelpa Filip Smørås frå Fana og det enda med ein sterk andreplass. Tredje rittet var mykje klatring, og der skulle Ola vera med å setja høg fart i bakkane slik at Kristian Haugetun frå Åsane kunne kjempa om topplassering, og det enda med ein tredjeplass. Alt i alt ei særs god helg for det norske juniorlandslaget, og litt artig at halve laget kom frå Hordaland.
Mallorca 312 – ei stor sykkeloppleving
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 2. jun 2025







Mallorca 312
Etter å ha høyrt mykje, mest positivt om det sagnomsuste turrittet Mallorca 312, var me tre ivrige naboar som stilte oss i digital kø tidleg i oktober for startnummer. Utsolgt på rekordtid, 8500 startende … Det freista tydeligvis mange med tre distansar, den lengste 312 km, og med litt over 5000 høgdemeter. Vinteren kom og i tråd med snøfattig vinter i Bergen (?), kom 10-mils turane tidlegare enn vanlig. Litt system på det, men ikkje mykje. Det viktigaste for oss var tross alt å fullføre
Eit av dei mest brukte orda oss tre Imellom blei etterkvart “cut-off”. Biltrafikken er stengt under rittet, og det er relativt strenge cut off tider før du blir geleida inn på kortare ritt, 225, eller i verste fall (
)167. Målet vårt var 312 km. Fly, hotell, leigebil og leigesykkel gjekk som ein draum. Rolig spinn rundt startbyen Alcudia dagen før, rigging av sykkel og ikkje minst “matpakko”... Starten går 6:30, i forhold til cut-off tider begynner tida di då, enten du står først eller sist av dei 8500. Starten tar tid ! Etter VIP og sponsorstart stod sjølvsagt me
, oppmøte 4:15 kan anbefalast. Eit par timar, ei god regnskur og pang avgårde. Flatt i ca. 25 km før første Col de eittelleranna, 900 moh., før ned igjen til 0 moh.. Første 150 km gjekk sånn, mange høgdemeter, fantastisk asfalt, ingen bilar … Matstasjoner jevnt fordelt, men her må du legge ei plan, ting tar tid her. Siste halvdel av turen er mindre høgdemeter, men rikelig med falske flater. Utsagn som “her må vi lure bakkene” kom frå bergensarane i gjengen. Det er alltid eit hjul, eit felt eller gjeng å henge seg på, men finne sin fart er veldig viktig … Siste matstasjon byr på eit enormt folkeliv, tdf-følelse. Du kjenner deg som ein proff heilt til du blir tilbudt Sanmiguel og spansk disco bankar. Fantastisk følelse og ein opplevelse. Kun to mil igjen, reine paradetrillen. Kort referat her altså, oppsummert: prøv det! Veldig kjekt og god stemning hjå det eg opplevde som veldig mange flinke, trygge og raske syklistar. Eit krevande turritt, lengde, terreng og “tidsnød” gjer at det er absolutt anbefalt å bruke ein heil del timar på sykkelen først. Men det er vel det me likar ?