Vossevangen CK: VCK's sykkelturtips


Vossevangen CK er så heldige å ha mange røynde fjell- og asfaltrevar i rekkjene sine. Etter kvart som tida strekk til, vil vi dele forslag til flotte sykkelturar i Vossatraktene – både for terrengsykling og langs landevegen.


Ein flott og variert terrengsykkeltur på Vossestrand. Ruta går via Vinje, Oppheim, Oppheimsdalen, Reppane, Revhaugane og Myrkdalen – før du kjem attende til Vinje.

Turen er på knappe 3 mil, og du bør rekne rundt 2 timar i roleg tempo.

Strekninga mellom Reppane og Revhaugane byr på ein morosam kilometer utan grusveg – her syklar du over tuer og myr. Litt teknisk, men overkomeleg for dei fleste. Klarte rektoren på Bordalen skule det, så gjer du det òg.

Ver merksam på kombinasjonen av storslått utsyn og gjørmete parti undervegs.



Ein flott rundtur på om lag 5 mil som tek deg gjennom variert og vakkert landskap via Tjukkebygdi, Helgaset, Langedalsstølen, Oppheim og Nekvitne.

Du bør rekne god tid på turen, særleg sidan strekninga mellom Helgaset og Langedalsstølen (knappe 3 km) er eit såkalla BT-parti (bering og trilling). Her må du vere budd på å gå delar av vegen med sykkelen.

Elles byr turen på fine grusvegar, roleg terreng og flotte naturopplevingar heile vegen rundt.


Ein krevjande og spektakulær tur på om lag 100 km over fjellet mellom Aurlandsvangen og Lærdal.

Turen tek vanlegvis mellom 6 og 8 timar, avhengig av tempo og form. Du får totalt rundt 3000 høgdemeter, sidan du skal opp fjellet to gonger.

Det er lite og roleg trafikk, og vegen er i grei stand. Likevel bør du ta det roleg nedkøyringa mot Lærdal – her kan det dukke opp nokre overraskingar.

Dette er ein tur som verkeleg utfordrar både styrke, psyke og uthald. Samstundes får du ei flott naturoppleving dersom vêret spelar på lag.

Biletet viser tre karar på Stegastein, om lag halvvegs opp frå Aurlandsvangen – med berre 2300 høgdemeter att for dagen.

Som kartet viser, er det lengre i kilometer opp frå Lærdal, men talet på høgdemeter er sjølvsagt det same.