Vossevangen CK: Terrengritt Bømoen 22.9.2024
Terrengritt Bømoen 22.9.2024
Sundag 22. september kl. 11:00 arrangerer Vossevangen CK årets siste ritt i Sykkelbutikken terrengsykkelcup. Det vert barneritt for dei yngste opp til omlag ti år kl. 1030. Barneritt er gratis med påmelding mellom kl. 10:00-10:20. Ritta går i Bømoen, sjå videoane under. Det er ei uhøgtidleg tevling på dei flotte stiane i Bømoen. Me har tre klassar som alle startar kl. 11: Kort (ca. 10-14 år) syklar ca. 30 minutt, Mellom (frå ca. 14 år og oppover) syklar 45 minutt og Lang (dei mest aktive) syklar i omlag 1 time.
NB: Me har hending på Facebook for oppdateringar og informasjon.
Påmelding innan 21.9 på denne lenkja: PÅMELDING. Prisar: 100,- for vaksne og 50,- for 10-16 år.
Videoer fra tidligere år: