


Ola Blikberg Herheim og Kristin Eidsheim Sønnesyn sykla denne helga Fana 3-dagers. Ola bytte ut terrengsykkelen og fekk brynt seg mot dei sterkaste 15-16 åringane på landevegen. Han sat med inn frontgruppa på gaterittet laurdag og fellesstartrittet sundag. På tempoen sundag ettermiddag var han 50 sekund bak vinnar. I dag var det kongeetappen, Osterøy fellesstart, med 330 høydemeter per runde på 12,7 km, i regn og
4-5 grader. Dette passa Ola godt, og han sat med inn i gruppa som kjempa om 4. plass. Det vart 8. plass til slutt i dag og med det sykla han seg opp til ein 7. plass i samandraget. Dagens ritt var også regionsmeisterskap, og der vart det 2. plass. Kristin vart diverre felt og gjekk i asfalten på fyrste rittet laurdagen. Sundagen måtte ho henta seg inn, men i dag var ho klar for start att. Det endte med spurt om siger i kvinner senior, der ho til slutt vart nr. 2, berre to sekund bak vinnaren. Med den prestasjonen vart Kristin også regionsmeister! Meget solid sykling av både Kristin og Ola.