Arkiv
Kjetil med ny NM-trøya!
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 23. jul 2026
NM gravel gjekk av stabelen 4. juli i Asker. Der kjempa både elite og master om medaljar og gjeve NM-trøyer. Kjetil Isaksen fornekta seg ikkje, og supplerte samlinga med to NM-trøer frå rundbane og kortbane terreng med ei ny NM-trøya for gravel. Han var ikkje berre best i M45-49, men spurta om sigeren totalt for alle masterklassane med tida 3:35:42. Rune Herheim kjempa om ein 4. plass i same klasse, men vart for ivrig ved inngangen til siste terrengparti 25 minutt frå mål og fekk smaka på austlandsgrus. Kom seg til slutt blodig i mål til ein 8. plass med tida 3:55:02. Bjarte Vethe kjempa om medaljar i M55-59, men ei kjeda som hoppa av og ei sigepunktering gjorde at han vart nr. 4 i klassen med tida 4:00:55.



Logg inn for å skrive en kommentar.