Ola imponerte i Tour of Austria
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 29. jul 2026
Tour of Austria er eit stort etapperitt i Austerrike som i 2026 samla seks WorldTour-lag, landslag, ProTeam-lag og sterke Conti-lag. Ola Blikberg Herheim, Vossevangen CK, fekk plass i rittet som del av laget sitt Arbô Kärnten Sport. På den fyrste av dei fem etappane fekk han merka at det var eit tydeleg hakk opp i nivå. Tøffe tak i feltet, snittfart ofte på 47 km/t trass i mange høgdemeter, og der mange av dei som sykla årets Giro De Italia deltok, inkludert tidlegare samanlagtvinnarar samt fleire etappevinnarar frå Tour de France. Nivået var med andre ord høgt.
Ola var rangert som nummer fira på laget sitt. Når dei to lågast rangert datt av måtte Ola henta flasker bak i servicebilen, sykla seg oppatt på bilkøen og ut i vinden og levera flasker. Så var det "berre" å henga på i neste bakke før han på nytt var bak i bilen og henta flasker. Han tilpassa seg nivået fort, og særleg på etappe tre og fira hadde han superbein og hang med heilt inn trass i at han måtte fleire gonger fiksa flasker til lagkameratane.
Ola var den yngste som sykla dette rittet saman med to andre 18-åringar. Å sykla slike ritt med TV-sending, store opplegg med lagpresentasjonar, enorme karavanar med bilar og motorsyklar og generelt mange tilskodarar langs løypene allereie no må seiast å vera før skjema.

Ola sykla med GoPro-kamera for TV-sendinga på 3. etappe
Klikk på biletet for å sjå videosnutt frå lagpresentasjon

Klikk på biletet for stemningsrapport ved start av 3. etappe


Logg inn for å skrive en kommentar.