Arkiv
Voss 3-etappars Norgescup vel gjennomført
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 29. aug 2026
Helga 7.-9. august skipa Vossevangen CK til Uno-X Norgescup landevegshelg med tempo frå Granvin til Skjervet fredag, gateritt i Bømoen Leir laurdag og Bømoen fellesstart sundagen. Me lukkast med mykje som arrangør, ikkje minst hadde me laga løyper der me hadde veldig god kontroll på annan trafikk. Været var bra på tempoen fredag, laurdag var det opphaldsvær men våt asfalt, medan sundagen fekk me nedbørsrekord for august. Diverre fekk me nokre velt sundagen der to ryttar måtte sy sår og ein fekk eit brot i ein fing, men det går heldigvis bra med alle. Stor takk til alle 50 som jobba dugnad denne helga, til legane og sjukepleiarane som stilte for å ta vare på uheldige ryttarar, til kommissærar og mobilvakter som sytte for at me hadde veldig god kontroll på annan trafikk saman med alle vaktene og det gode samarbeidet me har med NCF, heradet, SVV, politiet, Tre Kokkar Voss og ikkje minst Bømoen AS.
Det var ekstra morro at våre eigne ryttarar leverte sine beste resultat nokon sinne. Kristin Eidsheim Sønnesyn, Noregs sprekaste tobarns-mamma, tok andreplass på kvinnenes fellesstart sundagen. Marius Flatebø kom for fyrste gong på pallen i Norgescup då han tok tredjeplassen på gaterittet laurdag, og han imponerte også med femteplass på fellesstarten sundag. Thomas Vethe leverte også sitt beste resultat med 8. plass på gaterittet laurdagen.



Logg inn for å skrive en kommentar.