Arkiv
Ea Berge Børsheim med to 3. plassar på UM Jokermeisterskapen
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 31. aug 2026
Ea Berge Børsheim tok i sin debut på dette nivået med seg heim to tredejplassar frå Jokermeisterskapen på landeveg for dei mellom 10-16 år. Ea syklar i K14, og tek opp arven etter storesyskena Johan og Yvonne. Ea vart fyrst nr. 3 på tempoen med tida 19:12 og var med det berre 1:12 bak vinnaren. Likevel var det kanskje fellesstarten som var mest moro der ho for fyrste gong fekk prøva seg i eit større felt, og ein ny 3. plass vart henta heim til Voss. Det vert spanande å fylgja Ea når ho får litt meir trening og erfaring med sykkelritt!

Logg inn for å skrive en kommentar.