Vossevangen Cykleklubb (VCK) er ein sykkelklubb frå Voss med stor lidenskap for sykling, natur og idrettsglede. Klubben samlar både unge og vaksne som likar å sykla – anten det er på landeveg, i terrenget eller berre for å halda seg i form og ha det kjekt i lag.

Me legg stor vekt på eit godt og inkluderande miljø der alle er velkomne, uansett nivå. I klubben finn du både mosjonistar og ryttarar som satsar på konkurransar nasjonalt og internasjonalt. Gjennom fellestreningar, ritt og arrangement arbeider me for å utvikla syklinga på Voss og gje både born, ungdom og vaksne gode opplevingar på sykkel.

Vossevangen CK er òg ein aktiv arrangør av ritt og sykkelaktivitetar i lokalmiljøet. Mange frivillige legg ned eit stort arbeid for å skapa gode arrangement og eit sterkt sykkelmiljø på Voss. Klubben har gjennom åra hatt fleire ryttarar som har hevda seg godt i Noregscup og andre ritt, og satsinga på ungdom er viktig for framtida til klubben.

.