



Denne helga var det NM i terreng rundbane i Trondheim. For Vossevangen CK stilte Yvonne Berge Børsheim i K15-16 og Johan Berge Børsheim i M15-16. Laurdagen var det rundbane, og der tok Yvonne ein fin-fin femteplass og Johan ein tidendeplass. Sundagen var det kortbane, og
Yvonne kopierte femteplassen medan Johan tok eit steg opp til niande plass, berre minuttet bak vinnaren. Dette er sterke prestasjonar når ein veit kor lite Johan og særleg Yvonne har sykla. Det vitnar om stort potensiale på sykkelsetet, så det vert spanande å fylgja dei i dei neste Noregscup-ritta.