Trening hjå Nr. 1 Fitness Voss

Postet av Vossevangen Cykleklubb den 10. okt 2012

Fyrste fellestrening vert tysdag 16.10: styrke kl. 1730-1830 og spinning kl. 1830-20.

Vossevangen CK har avtala fylgjande med Voss sitt nye treningssenter Nr1 fitness. Prisar: 6 mnd kort til kr 399,- pr.mnd = kr.2394,- og 12 mnd kort til kr. 349,- pr.mnd = kr.4188,-. Då har me tilgang til "alle fasilitetar" og salaktivitetar. Me har ein fast spinningdag i veka med våre eigne innstruktørar kvar tysdag kl. 1830. Klubben dekker 350 kroner til alle våre medlemmer som vil delta på spinning!

Innformer og innviter gjerne vener om dette tilbudet. Dei må melda seg inn i klubben, og dei vil verta sett opp på medlemslista som me vil ha liggjande hjå Nr. 1 Fitness.

Logg inn for å skrive en kommentar.