NM 2026
Postet av Ørjan Hirth-Horvei den 29. jun 2026
Vossevangen CK hadde med tre ryttarar på NM landeveg. Ola Blikberg Herheim imponerte på tempo-rittet torsdagen. Som 18-åring er det sjølvsagt tøft å tevla i senior/elite mot worldtour-ryttarane, og i tillegg har Ola ikkje trent på temposykkelen i år. Men litt intensiv tempotrening veka i forkant var nok til å sykla inn til 9. plass i U23-klassen og 22. plass totalt. Med tida 28:13 var han berre to minutt bak sølvet til Andreas Leknessund og eitt minutt bak ryttarar som Jørgen Nordhagen.

Marius Flatebø og Thomas Vethe sykla gaterittet fredagen. Marius var veldig godt med i rittet, men fekk diverre teknisk rundt halvvegs med kjedet og det vart difor ein DNF på han. Han har sykla godt på gateritt i år, så synd med teknisk på årets viktigaste gateritt. Thomas gjorde på sett og vis eit comeback på dette nivået i dette gaterittet og med dårleg rating måtte han difor starta bakerst. Då vert det kriging om å henga med mest mogleg, og Thomas hang med like lenge som mange andre.


Sundagen var det fellesstart i ei brutal løypa mot 20 world-tour ryttarar frå Uno-X og nokre fleire proffar i tillegg. Det gjekk som det måtte gå: maange ryttarar vart tekne ut tidleg når dei hamnar fem minutt bak hovudfeltet. Ut på tredje runden sprakk det opp, og Ola havna i ei lita firemannsgruppa som ikkje kom seg opp att til frontfeltet. dei vart etterkvart ti stykk, men vart tekne ut av rittet trass i at dei berre var 3:40 bak fronten (liten overivrige kommissærar der). Marius og Thomas var i ei gruppa bak, og vart til liks med dei fleste andre tatt ut tidleg av rittet. Det enda med at under 30 ryttarar fekk fullføra, og NCF og komande NM-arrangørar bør nok sjå på løypeval for fellesstart og ikkje mist arrangera U23 fellesstart igjen.
Logg inn for å skrive en kommentar.