Arkiv
Klubbmeisterskap og årsfest: Heider og titlar delt ut
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 6. okt 2024
På årsfesten etterpå var det god stemning og 15 stykk kozte seg med tapas og deretter bowling hjå Voss bowling. Styret delte ut heider til fleire: Kristin fekk prisen "årets supermamma" for det ho har prestert på sykkel- og mammafronten, Håkon og Yvonne fekk prisen "øpp and komming", Ola fekk pris for resultata og framgangen han har hatt i år og Rune fekk eldsjelpris for tida han har lagt ned i ritt og aktivitet i klubben. Alle fekk premiar frå dei glimrande produkta til Vossabia!
Alle var samde om at det hadde vore ein vellukka dag, og ein var klar for å kåra dagens viktiaste vinnar: årets klubbmeister i bowling! Ville Sindre klara å forsvara tittelen? Svaret vart nei, Skage viste seg som ein kløppar med kuler og kjegler og overtok tittelen med god margin.
| Skage klubbmeister bowling, Ola for sterke resultat i 2024 |
Logg inn for å skrive en kommentar.