Siger til Yvonne og andreplass til Håkon

Postet av Vossevangen Cykleklubb den 4. sep 2024

Førre tysdag var det Bontveit tempo. Yvonne Berge Børsheim har måtta stå over mange ritt denne sesongen på grunn av sjukdom, men no var ho attende og då tok ho sigeren i K15-16 med tida 18:14, eit drygt minutt før Emilie Amundsen frå Åsane CK.

Sist helg var det regionsmeisterskap som del av Øygarden sykkelfestival. På tempoen tok Håkon Skjoldli eit steg lenger opp enn han har gjort før på sigerspallen med andreplass i M13-14. Håkon vann ein sekundstrid mot Viljar Wikander frå Bergen CK.

Logg inn for å skrive en kommentar.