VCK-storeslem på Fanahytten opp

Postet av Vossevangen Cykleklubb den 21. sep 2026

Fana IL sykkel arrangerte i går si årvisse sesongavslutting for NCF Region Vest med Fanahytten opp. Rittet er ein individuell tempo på 7,2 km og 306 høgdemeter, frå Midtun opp til Fanahytten. Rittet er arrangert sidan 1978, og trenaren til Ola, Marius og Thomas, Tamas Lengyel, sette i 2006 løyperekord med 13:26. Mange storryttarar har prøvd seg på denne siste 20 åra, mellom anna Odd Christian Eiking, Stian Remme, Filip Eidsheim med fleire.

Vossevangen CK hadde ein strålande dag i byn trass i eit rufsete regnvær og glatt veg. Ola Blikberg Herheim vart dagens raskaste på den kolossale tida 13:13 og ny løyperekord. Han måtte gje vekk litt tid i fyrste delen på grunn av glatt veg og ein litt uheldig trafikk-kork, men auka farten etterkvart og tok mykje tid på slutten og dei fleste KOM-ane rauk. Kristin Eidsheim Sønnesyn vart raskaste kvinne for dagen med den sterke tida 17:06 og personleg rekord. Vossevangen CK si mediaavdeling gissar på at det er kun Vita Heine og Emma Dyrhovden som har vore raskare enn Kristin opp til Fanahytten. Marius Flatebø imponerte også, og med tida 14:06 sytte han for dobbeltsiger til Vossevangen CK i menn senior. Thomas Vethe kom seg også under 15 minutt, og med tida 14:59 sytte han nesten for trippelsiger med sin fjerdeplass. Hans Olav Kløve debuterte i sykkelritt og tok fjerdeplassen i sportsklassen med tida 17:14. Han opna knallhardt og tok ti sekund på Ola allereie etter to minutt, så kan vera litt å henta på disponering der. 

Alt i alt, ein kanon-dag i byd'n, der Vossevangen CK dominerte både i løypa og i startomårdet med vårt flotte telt. Det var rett nok einaste teltet, men pytt-pytt.



Logg inn for å skrive en kommentar.