Ola nr. 5 og 11 på NM landeveg
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 23. jun 2024


Bodø CK arrangerer årets NM i landeveg. Ola Blikberg Herheim syklar i juniorklassen og deltok på tempo torsdag og fellestart laurdag. Det gjekk aldeles strålande, men ein overraskande sterk 11. plass på tempo og ein endå meir overraskande sterk 5. plass på fellestarten. Tek ein omsyn til at Ola framleis berre er 16 år og fyrsteårs junior, samt at dette er fyrste sesongen han satsar på landevegssykling, er dette svært imponerande. Heile fellesstartrittet vart direktesendt på Direktesport.no, og Ola fekk mykje kameratid då han kom seg opp til brotet:
https://www.direktesport.no/sport/sykkel/sykkel/nm-fellesstart-m-junior-1973707.html. Sjå resultat her og her, og les Ola sine rittrapportar og sjå bilete og videoar under.
Ola sine rittrapportar
Løypa var ganske kupert. Me køyrde over eit par kule bruer. Løypo var vindutsett, men på rittet var det nesten vindstille. Eg var litt ivrig fordi det var NM og eit stort mål, så eg opna litt hardt. Eg fekk gode sekunderingar på radioen, men kjende at det vart litt tungt siste tredjedelen. Tapte eit par plasseringar, men enda likevel på 11. plass og det er eg nøgd med.
Fellesstartløypa var litt rullande terreng, men ikkje nok til å skilja godt. Me skulle sykla 115 km fordelt på sju rundar. Tidleg på fyrsterunden gjekk det avgårde eit brot på 8 ryttarar der dei fleste store klubbane var med, men inkludert ein ryttar frå Fana/Vossevangen. Me hadde då ikkje noko ansvar for å køyra inn noko. Eg sat berre i feltet, og glei med eller markerte ein del angrep. Ut på femte runden kom eg meg med i ei 8-manngsgruppa som raskt køyrde inn det fyrste brotet. Me auka farten og fekk brått 2:45 på hovudfeltet. Eg følte meg blant dei sterkaste i brotet, men klarte ikkje å få nokon luker sidan bakkane var så korte. Mot slutten vart det køyrd hardt, og inn mot mål var me berre sju att. Eg starta spurten i femte posisjon og heldt den inn til mål. Eg var eigentleg allereie nøgd med 11. plassen på tempoen og såg på fellestarten som ein bonussjanse, sidan løypa ikkje passa meg så godt. Men det enda opp med eit veldig godt resultat likevel som nest beste fyrsteårs junior.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025
Strålande sesong krona med EM-uttak
21.09.2025
Solid siste NC-helg for Thomas og Marius
19.09.2025