Heine og Jørund køyrde Ulven Tempo
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 7. jun 2016



Det var mange sterke rytterar til start, både unge og gamle. Heine tikka inn på små-fine 13:34 medan leiaren var 20 sekundar bak på 13:54. Heine stilte i Msenior medan Rong stilte i M40-44.
![]() |
| Heine fekk fort att smilet! |
Rittrapport Jørund;
"Etter mykje husbyggjing og lite trening i vår, var det kjekt å kunne køyra ritt att! Etter ein lang arbeidsdag på bankkontoret, vart dressen skifta ut med tempodrakt og eg peiste meg frå Bergen til Os. Litt stress vart det, då eg hadde gløymt delar av utstyret, og eg laut senda Heine på ekstratur ut på Bordalen før han kunne setja kursen mot Os. Me fekk knapt med oppvarming båe to diverre (mi skuld), og me fekk ikkje køyrt igjennom løypa. Eg hadde god kjensle undervegs sjølv om eg ikkje heilt fann godflyten i vinden. Det er verkeleg moro å køyra tempo, kan tilrådast alle!! Ved vending klarde eg å køyre litt feil og tapte litt fart på det. Kom meg inn på 13;54 og var godt nøgt eigentleg. Same tid fekk forresten Noregs beste kvinnelege syklist, Emilie Moberg (Team Hitec) som og stilte til start i dag. Heine var litt prega av utstyrsrotet mitt og han ville nok normalt sett ha kjempa i teten i dag. Thomas Strand (Åsane CK) og Ørjan Vika (Fana IL) tok delt siger i dag på 12;55. Ei sterk tid gitt tilhøva!."
Heine:
"Lett stressa til start i dag og ikkje heilt optimalt, men eg gjekk knallhardt ut. Ja, alt for hardt. Eg låg på godt over 500 watt dei fyrste kilometerane. Dette straffa seg, då eg fekk skikkeleg syra i småbakkane på heimveg. Eg lyt læra meg å disponera betre. Eg kjem sterkare attende. No er det Noregscup i Sandnes som er neste. Me satsar på at eg får ein opptur der!"
Resultatliste
![]() |
| Camp Vossevangen CK før start - lit stress.... |
![]() |
| Heine i fint driv mot mål |
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025
Strålande sesong krona med EM-uttak
21.09.2025
Solid siste NC-helg for Thomas og Marius
19.09.2025