Continentalcup nr. 4 i Åsane
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 14. aug 2014

Rune: "Eg tok med meg continentalkøpprittet i Åsane på vegen heim i dag. Etter ein hektisk
dag på arbeid samt nokre oppvarmingsrunder der eg verkeleg sleit med den nokså tekniske løypa, var eg ein smule defensiv ved start. Hamna langt bak i starten og vart liggande å stanga på fyrste runden. Men, eg kjende at beina var heilt ok, så eg vart meir offensiv. På andre runden klemde eg til å prøvde meg opp ein knekkar. Det gjekk nesten bra. Eg velta i staden ned ein skråning. Bykste raskt oppatt lie og mista ingen plassar på dette. Omlag 30 sekundar seinare tverrstilte eg styret ned over nokre røter og sette ny rekord på fly over styret. Men, eg synte framifrå fallteknikk og var på sykkelen att før nokon såg meg. Diverre hadde kjedo kilt seg heilt fantastisk. Det tok eit lite minutt å løysa flokane, og eg hamna langt bak i feltet att. På tredje runden, i ei lita nedkøyring, presterte eg å å koma borti eit tre med styret. Dagens andre tur over styret var eit faktum. Eg innsåg at no måtte eg bruka bollen litt, og det fyrste eg gjorde var å opna demparen som eg hadde gløymd at eg låste på slutten av 1. runden. Då kom ting seg krafig. Dei siste fem rundane fekk eg bra flyt og sykla meg opp til ein 3. plass, men langt bak den suverene vinnaren, Mr. Ellertsen frå Fana SK."
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025
Strålande sesong krona med EM-uttak
21.09.2025
Solid siste NC-helg for Thomas og Marius
19.09.2025