Triatlon-gruppa i Vossevangen CK imponerer!
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 31. aug 2026
Vossevangen CK er ikkje berre ein sykkelklubb, me er også ein triatlon-klubb! Dette har vore medlemmer vist til gangs i år. Ei av dei som har lukkast aller best er Kristin Eidsheim Sønnesyn. Den 1. august vann ho Strilamannen, og to veker etterpå gjekk ho hen og vann Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon. Når me i tillegg veit at ho i år har vunne Nordsjørittet iår, og tok ein andreplass i Norgescup på fellesstarten på Voss, så er det berre å bøya seg i hatten.
Det er òg kjekt å sjå at me har fleire andre i klubben som både imponerer og har det morro med triatlon. Hans Olav Kløve har kome som ein storm i år og vart nr. 5 i M20-29 og nr. 10 totalt i AXTRI med tida 7:17. Det bør også nemnast at Hans Olav vart nr. 3 totalt på Hardangervidda Fjellmaraton i helga! Olav Totland, endå eit nytt medlem i klubben, vart nr. 16 i M20-29 på tida 8:23. Kent Ove Heimdal og Olav Midtun viste at dei også kan tola mange timar til sjøs, på sykkel og til fots då dei også fullførte AXTRI på høvesvis 9:40 og 10:54.
Me har også fleire damer enn Kristin som driv med triatlon. Mari-Anne Aanes var med Kristin på Strilamann og tok ein fin-fin 10. plass i kvinner senior, sjå biletet under av dei to velkledde og blide VCK-triatletane våre. Myrna Dral imponerte på Os triatlon 30.8 med siger i K55 og Mari-Anne tok der ein 3. plass i K40.

Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Ola med sterke ritt siste tida
31.08.2026
Voss 3-etappars Norgescup vel gjennomført
29.08.2026
Ola imponerte i Tour of Austria
29.07.2026
Kjetil med ny NM-trøya!
23.07.2026