Ola med sterke ritt siste tida
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 31. aug 2026
Ola Blikberg Herheim, Vossevangen CK/Team Arbö Kärnten Sport, har sykla gode ritt siste tida. I går vann han likegodt Int. ARBÖ Helvetia Bergpreis Afritz - Verditz, ein motbakkemeisterskap for sør-Austerrike, der også utlendingar kunne delta. Løypa var 6,2 km med 9 % motbakke i snitt, og Ola distanserte dei andre tidleg og kom einsam i mål. Kvelden før sykla han GP Kranj i Slovenia, ein runde på 3.5 km som skule syklast 35 gonger. Folk datt av etterkvart, og til slutt var dei berre 17 mann att. Med to rundar att gjekk Ola i eit solobrot, men vart henta ut på siste runde, men fekk likevel ein fin-fin 10. plass til slutt. Veka før sykla han West Bohemia Tour i Tsjekkia. Her leverte han fleire gode etappar, men særleg sisteetappen var sterk. Med 8 mil att fekk han med seg 11 andre i eit brot. Sidan fleire begynte å stå over føringar gjekk Ola til frå brotet og fekk med seg fire andre. Då vert det litt stillingskrig og dei 12 samla seg att. Ola følte seg veldig sterk og gjekk igjen, fyrst med to danskar, så aleine. Diverre vart han henta nokre km før mål, men på grunn av solid sykling på alle fire etappane var han virtuell samanlagtleiar mot slutten av etappen, og det var òg litt av forklaringa på at han vart henta sidan fleire lag samarbeidde bak. Alt i alt, mange sterke etappar siste tida, og med meir normale norske sommartemperaturar ser han fram mot nytt etapperitt i Tsjekkia i veka som kjem.





Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Triatlon-gruppa i Vossevangen CK imponerer!
31.08.2026
Voss 3-etappars Norgescup vel gjennomført
29.08.2026
Ola imponerte i Tour of Austria
29.07.2026
Kjetil med ny NM-trøya!
23.07.2026