Medlemskap i Vossevangen CK

Postet av Vossevangen Cykleklubb den 21. mar 2021

Vossevangen CK ynskjer nye medlemmer hjartleg velkomne! Det kostar berre 100,- for ungdomsmedlemskap og 450 for ein heil familie. Les meir om kva du skal gjera for å verta medlem på denne sida

Som medlem i Vossevangen CK får du gode prisar og ikkje minst rask og profesjonell hjelp hjå Endeve sport som er ein av sponsorane våre. I tillegg dekker klubben 50 % av kva dei flotte sykkelkleda kostar til alle betalande medlemmer. Nye ungdomsmedlemmer får gratis sett med trøya og shorts!

I desse dagar passar det umåteleg bra å verta medlem i Vossevangen CK fordi nettbutikken der ein tingar kleda våre no er open fram til og med torsdag 25.3. Les meir om bestilling av kle på denne sida. Det er også sterkt tilrådd å melda seg inn i Facebook-gruppa vår, for der ligg det no mange tips både om kva storleik ein bør tinga og kva type shorts, trøyer og jakker som kan vera mest fornuftig å skaffa seg.

Logg inn for å skrive en kommentar.