Medlemskap i Vossevangen CK
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 21. mar 2021

Som medlem i Vossevangen CK får du gode prisar og ikkje minst rask og profesjonell hjelp hjå Endeve sport som er ein av sponsorane våre. I tillegg dekker klubben 50 % av kva dei flotte sykkelkleda kostar til alle betalande medlemmer. Nye ungdomsmedlemmer får gratis sett med trøya og shorts!
I desse dagar passar det umåteleg bra å verta medlem i Vossevangen CK fordi nettbutikken der ein tingar kleda våre no er open fram til og med torsdag 25.3. Les meir om bestilling av kle på
denne sida. Det er også sterkt tilrådd å melda seg inn i Facebook-gruppa vår, for der ligg det no mange tips både om kva storleik ein bør tinga og kva type shorts, trøyer og jakker som kan vera mest fornuftig å skaffa seg.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025
Strålande sesong krona med EM-uttak
21.09.2025
Solid siste NC-helg for Thomas og Marius
19.09.2025