Ola med fine ritt på Fana tre-dagers
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 7. jun 2022
Lønningsrittet 4.6
Helga starta med eit gateritt. Det var ni gonger ein kort runde med ein slak motbakke i motvind og nedover i medvind. Feltet sykla veldig roleg i motvinden, men køyrde veldig fort i medvinden. På andre runden havna eg i eit firamannsbrudd, men det gjekk ikkje. Eg hang med i sju rundar, men hadde lite krefter igjen og då det sprakk opp etter ein sving havna eg i ei mindre gruppa bak teten.
Lonevågrunden fellestart 5.6
Ei rundløypa me skulle køyra fem gonger med ein bratt bakke på snaue to minutt. Eg satt fint med i feltet fyrste runden. Andre runden vart det køyrd ekstra hardt opp bakken, eg klarte akkurat ikkje å bli med teten over bakketoppen og vart sittande mellom dei ti fyrste og 7 stykk bak meg. Omsider suste sjuargruppo forbi. Eg fulgde ikkje med å fekk ikkje tatt hjulet, men på neste runden sprakk den gruppa opp og eg køyrde meg opp til ei firargruppa ilag med to andre.
Lonevågrunden tempo 5.6
Beina var slitne, men det gjekk ganske fort. Berre fira stykk som også var 15 år som slo meg. 1.44 opp til vinnaren. 1.40 opp til broren til Alexander Kristoff, men han er også eit år eldre.
Osterøy fellestart 6.6
Ei lang klatring på åtta minutt skulle me opp fem gonger. Det vart køyrd knallhardt, mange datt av. Eg klarte akkuratt og vera med dei ti fyrste opp, men på nedkøyringa mista eg kjeda og havna i ei sjuargruppa som hadde dåtte av. På fjerde runden mista eg kjeda igjen men klarde å køyra meg opp igjen. Litt irriterande at det skal vera så vanskeleg for far min å justera giret, men me får tru han klarar det til neste ritt.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025
Strålande sesong krona med EM-uttak
21.09.2025
Solid siste NC-helg for Thomas og Marius
19.09.2025