Søknad om stønad
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 9. mar 2022
Dei som skal satsa aktivt komande sesong kan søkja klubben om støtte. Stønaden kan nyttast til reise, opphald, påmelding og lisens (ikkje til kjøp av utstyr). Vilkår ein legg vekt på ved tildeling: Resultat frå tidlegare år og Alder og utviklingspotensiale.
Alle utøvarar som får tildelt stønad skal signera kontrakt med klubben før utbetaling kan skje. Utbetaling vil berre skje om villkåra i kontrakt er oppfylt. Utøvarar med lisens i Vossevangen CK men som i tillegg har kommersiell og/eller sportsleg tilknyting til andre team/sponsorlag, vil verta prioritert bak dei som satsar for fullt gjennom klubben.
Søknadsfrist er 22.3.2022 for komande sesong. Styret tek atterhald om tilstrekkeleg økonomi. Reglane kan endrast på årsmøtet. Søknad skal sendast til vossevangen.ck@gmail.com
NB: Minner alle om å registrera seg i det nye digitale medlemsregisteret vårt i Hoopit!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Kjetil nordisk meister i Gravel!
06.09.2026
Ola med sterke ritt siste tida
31.08.2026
Triatlon-gruppa i Vossevangen CK imponerer!
31.08.2026
Voss 3-etappars Norgescup vel gjennomført
29.08.2026
Ola imponerte i Tour of Austria
29.07.2026