Bjarte og Thomas sykla fort på Grenserittet
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 8. aug 2018

Bjarte og Thomas køyrde i helga Grenserittet som går frå Strømstad til Halden. Rittet samla fleire tusen deltakarar. Thomas køyrde i 15-16 års klassen, 36 km (ca. halv distanse). Han kom inn på 16. plass. Han var godt nøgd med resultatet, sidan det var fyrste gong han sykla dette rittet og dei beste i landet også deltok. Dei var totalt 38 i klassen hans. Bjarte kørde heile distansen, 80 km, og kom inn på 22. plass. Det var han ikkje heilt nøgd med. Trass i at han stilte opp 25 minutt før start vart han likevel sist i startfeltet. Han fekk dermed ikkje den starten han hadde håpa på, og utgangen av Grenserittet er heilt avgjerande. Løypene var veldig lause grunna tørre forhold, som krevde ekstra merksemd, men dette er utvilsamt eit flott ritt som fleire burde delta på!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025
Strålande sesong krona med EM-uttak
21.09.2025
Solid siste NC-helg for Thomas og Marius
19.09.2025