Vossevangen CK nr. 15 på Offroad Valdres
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 24. jul 2016

I går stilte tre mann frå Vossevangen CK opp i lagtevlinga
Offroad Valdres. Dette må kallast eit type ekstremritt, der lag på to til tre deltakarar skal sykla 15,9 mil på til dels teknisk sti i fjellområda mellom Hemsedal og Fagernes. Bjarte Vethe, Carsten Christensen og Rune Herheim hadde ei framifrå oppleving. Det var sjølvsagt ei stor fysisk påkjenning, men samstundes var det ei fantastisk naturoppleving, milevis med moro-sti og kjekt å sykla samla som lag frå start til mål. Gutane frå Vossevangen CK hadde ikkje hatt høve til noko form for rekognosering av løypa. Dette har ein god del å sei når ein syklar sti, og ikkje minst mista me ein del tid på at me ikkje fann alle stiane med ei gong. Det er nemleg slik at stiane er ikkje skilta, ein skulle kun sykla etter GPS-spor. Vårt lag vart nr. 15 med sluttida 10 timar, 9 minutt og 16 sekund (mista 2-3 plassar pga. feilnavigering siste kilometrane) av dei 50 startande, 2t18min bak proffduoen frå det nederlandske laget KMC, men med berre ein drøy time opp til 3. plassen. Sjå
resultatliste her.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025
Strålande sesong krona med EM-uttak
21.09.2025
Solid siste NC-helg for Thomas og Marius
19.09.2025