Årsfest og klubbmeisterskap
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 2. okt 2015

Vossevangen CK sin årvisse klubbmeisterskap og årsfest vert 17. oktober. I år feirar klubben 10-årsdag og sler difor på stortromma: festmiddag på Store Ringheim der klubben betalar omlag heile gildet (ein knøtliten eigenandel på 200,- per snute). Festen byrjar 19:00.
Påmelding på Facebook eller til Rune (rher@hib.no) innan 10. oktober!Men før middagen må me sjølvsagt sykla litt. Denne gongen vert me i Bømoen og lagar til uhøgtidlege sykkeltevlingar for born og vaksen. Fyrst vert det MTB-femkamp kl. 16:00, og deretter klubbmeisterskap med to rundar i continentalløypa. Ta med barn og partnar og kom!!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025
Strålande sesong krona med EM-uttak
21.09.2025
Solid siste NC-helg for Thomas og Marius
19.09.2025