Continentalcupen er i gang!
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 30. apr 2015

rittrapport under.
Rune: Continentalcupritt plar starta med at Ellertsen gir flat pedal ut frå start. Intet unnatak denne gongen heller. I løpet av fyrste runden kom eg meg opp på andre plass, men Ellertsen seig i frå. Dei neste tre rundane var spekka med små uhell og litt bra sykling innimellom. Eg sette meg mellom anna fast i same treet to gonger, fekk framhjulet på feil sida av eit tre ned ein liten bratt knekkar og klarde ikkje å få sykkelen bakover sidan det var så bratt, rota enormt med å koma meg på sykkelen att etter gå/springepartiet i brattebakkjen, osv. Dette resulterte i at ryggen låste seg/stivna totalt og eg vart teken att på femte runden. Då tok eg meg ein bolle og fann ut at det kanskje var på tide å heller prøva å finna litt flyt. Dei siste tre rundane vart mine tre kjappaste rundar og dei rundane der eg brukte desidert minst krefter! Summa sumarum: veldig artig løypa og kjempejobb av dei som arrangerte.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025
Strålande sesong krona med EM-uttak
21.09.2025
Solid siste NC-helg for Thomas og Marius
19.09.2025