Nordhordland Rundt 2011
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 22. mai 2011
Nordhordland Rundt 2011 gjekk under fine forhold, der dei 7-800 ryttarane til tider møtte kraftig motvind/sidevind. Ei gruppe på 10 ryttarar stakk nokså tidleg, medan Asbjørn Tveit, Eirik Mjelde og Rune Herheim sat i gruppe 2. Dei tre Vossevangarane var mellom dei sprekaste i denne gruppa og var mykje framme i rulla. Asbjørn var sterkast av Vossevangarane på slutten og kom inn på 2:15:08, medan Eirik og Rune kom inn i lag på 2:16:24. Asbjørn vart nr. 2 i sin klasse, medan Eirik vann sin klasse med 10 minutt! Rune vart nummer 3 i sin klasse. Nikolai måtte gje seg undervegs. Jarle kom inn på tide 2:27:21, og 18-åringen Sondre Tysseland debuterte på den gode tida 2:31:38!
Ein liten film av pulje 1 finn du på vår video-side.
Resultat finn du på vår resultatside.
Ein liten film av pulje 1 finn du på vår video-side.
Resultat finn du på vår resultatside.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Kjetil med ny NM-trøya!
23.07.2026
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025
Strålande sesong krona med EM-uttak
21.09.2025