Nikolai nr. 3 i fyrste continentalcupritt
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 8. mai 2013



"Fyrste ritt i årets Continentalcup blei arrangert på Krohnegården, i ei artig og teknisk krevjande rundløype på ca. 1,7 km. Vossevangen stilte med Rune og undertegna, (+ Paul). Etter ein kanon dag værmessig, va det nedsig då det byrja å regne skikkeleg 30 min. før start. Ut vart eg liggande med ein ryttar frå Bck og kjempa om 2. plass. Eilertsen var suveren, og sykla rett frå i frå start. Kroppen kjentes bra, men i dei teknisk, vanskeleg partia var Bck-ryttaren sterkare. Etter å ha kniva ilag med han, fekk han ei lite luka på siste runden, då eg hekta i ei grein. Sykla inn til 3.plass, grett nøgd," Nikolai.
"Fyrste ritt i årets Continentalcup blei arrangert på Krohnegården, i ei forferdeleg og altfor teknisk krevjande rundløype på minst 2,7 km. Vossevangen stilte med Nikolai og underteikna (+ Paul). Etter ein kanon dag værmessig, vart det fullstendig deprimerande då det byrja å regne kollosalt 1 time før start. Ut vart eg liggande sist og kjempa om nest siste plass. Dei andre var suverene, og sykla rett i frå meg frå start. Kroppen kjentes bra, men i dei teknisk, vanskeleg partia var dei andre ryttarane mykje sterkare. Etter å ha kniva om 4. sisteplass, fekk fyren ei endå større luka på siste runden, då eg kålta 4 gonger. Sykla inn til 3. sisteplass, grett nøgd," Rune.
![]() |
| Rune offensiv i lett-terreng 1 |
![]() |
| Rune offensiv i lett-terreng 2 |
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Ola imponerte i Tour of Austria
29.07.2026
Kjetil med ny NM-trøya!
23.07.2026
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025

