Vidar nr. 6 i Norefjellsrittet!
Postet av Vossevangen Cykleklubb den 30. jun 2012




Vidar Mehl, Vossevangen CK/Team Fuji vart nr. 6 i
Norefjellsrittet i dag. Dette er Vidar si beste plassering nokon sinne i Norgescup terreng maraton. Les fyldig referat av Vidar sin opptur
på bloggen hans. Tor Halvor Bjørnstad frå Vossevangen CK/Hardrocx-proteinfabrikken klarde ikkje å forsvara fjorårets sterke andreplass. Han sykla raskt i store delar av rittet, men tapte over 20 minutt halvvegs og vart nr. 27. (Køyrde han ein omveg, skal tru? Punkterte han utan å ha med seg tyggis?) Nikolai Hanevik vart diverre ein DNF denne gongen: "Rittet i dag gjekk åt skogen! Begynte med å stivna i fyrste bakke, etterfulgt av å miste eine flaska i ein lang nedoverbakke i starten. Etter ca. 8 km måtte eg bryta pga at kjedet hadde fått seg ein lei smell. Dårleg dag for Vossevangen CK/Avdeling Vaksdal". Greg Saw frå Hardrocx-proteinfabrikken stakk av med sigeren. Sjå resultat på våre
resultatsider.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Vossevangen Cykleklubb
Ola imponerte i Tour of Austria
29.07.2026
Kjetil med ny NM-trøya!
23.07.2026
Årsmøte 2026
05.03.2026
Ola til Team Arbö Kärnten Sport Feld am See
21.11.2025
Rabattar hjå Vossabadet
05.11.2025
Solid sykling i EM av Ola
05.10.2025