Klikk på bilete! |
Det vert årsmøte for Vossevangen CK sundag 5. februar kl. 18 i idrottshuset.
Me får fyrst eit føredrag med ernæringsprofessor Einar Lied og lege Olav Høstmælingen om ernæring, trening og konkurranse, så startar me årsmøtet etterpå. Føredraget varar 45 minutt + 15 minutt til spørsmål. Klikk her for å lesa meir om ernæringsprodukta deira. Ta kontakt med Einar Lied (95833473/e-post) viss du ynskjer at han skal ta med seg til møtet (då slepp du fraktkostnad). Ps! Einar Lied kjem òg til å koma med informasjon om verdas tøffaste turritt: 1001 Miglia Italia. Han ynskjer at det vert etablert eit lag frå Voss som skal gjennomføre dette rittet i 2013! Vel møtt både til føredrag og årsmøte!