søndag 28. juli 2013
Bjarte og Anders på delt 2. plass i Hardingrittet
Hardingrittet er eit landevegsritt på 87 km med start på Utne, inn til Odda og målgang i Kinsarvik. Bjarte Vethe, Vossevangen CK, og Anders Bø, Voss SK/Vossevangen CK, kom inn på delt 2. plass i dagens Hardingritt med tida 2:08:02. Nils Asbjørn Lie var hakk i hæl med den sterke tida 2:08:41. Helge Erik Mæland vart nr. 39 med tida 2:27:04. Fredrik Olsen, Åsane Ck, vann rittet med tida 2:06:31. Sjå resultatlista på våre resultatsider.
lørdag 27. juli 2013
Vidar med siger i Sjusjørittet

Sjå resultat på våre resultatsider. Du kan òg lesa meir på Vidar sin blogg.
lørdag 20. juli 2013
Vidar med sterk andreplass i Valdresrittet

søndag 14. juli 2013
Molde Challenge

mandag 8. juli 2013
Ironman 70.3 Haugesund
Roger Eide, Vossevangen CK triathlon, gjorde i helga ein solid figur i Ironman Haugesund. Dette er ein triahlonkonkurranse med internasjonal deltaking der dei fyrst lyt symja 1,9 km, så syklar dei 90 km før dei til slutt knyter på seg joggesko og avsluttar med ein halvmaraton. Roger fekk tida 4:58:37 og vart med det nr. 276 av dei 1300 som deltok. Vann gjorde Filip Ospaly med tida 3:46:10. Sjå resultat på våre resultatsider.
søndag 7. juli 2013
Jotunheimen Rundt 2013

lørdag 6. juli 2013
Nikolai punkterte frå ein 9. plass på Hallingrittet

onsdag 3. juli 2013
Vidar vann Hedemarksvidda rundt!
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji team, vann sundag 30. juni Hedemarksvidda rundt. Rittet er eit 57 km langt terrengritt fordelt på grus, sti og asfalt. Vidar rapporterer at "det er ei forholdsvis grei løype med ikkje for vanskelige terrengparti og bakker som ikkje er verre enn at eg kjem meg opp uten å måtte ete opp styretapen ..." Vidar køyrde sterkare og sterkare utover rittet, og mot slutten laut òg den siste konkurrenten sleppa bakhjulet til Vidar. Sterkt! Les meir på Vidar sin blogg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)