torsdag 30. mai 2024

Dobbeltsiger til Vossevangen CK

Johan inn til siger
Onsdag 29. mai var det fyrste ritt i årets Sykkelbutikken køpp. Det var ei fin men nokså jobbete løypa i Skageskogen. Johan Berge Børsheim stakk av med sigeren for dei som sykla seks rundar og Thomas Vethe sytte for dobbeltsiger til Vossevangen CK. Begge to sykla fort og sytte for at det vart mange minuttar ned til dei andre på lista. Rune Herheim kom inn på ein 5.plass, medan Ea Berge Børsheim sykla godt for dei som hadde to rundar. Sjur Børsheim var manager og fotograf for

søndag 26. mai 2024

Sterk sykling på Haugesund-Sauda

Laurdag 25. mai gjekk turrittet Haugesund-Sauda av stabelen, 108 km frå Amanda til kakebuffet i Sauda sentrum. Thomas Vethe og Filip Eidsheim sykla godt og kom inn med ei gruppe på totalt 15 ryttarar på delt 3. plass. Haugesund-Sauda pleier å vera eit hardt ritt for den raskaste pulja, og i år var det fleire sterke junioarar frå Stavanger, inkludert vinnaren Felix Ørn-Kristoff. Marius Flatabø kom inn på ein solid 40. plass av dei totalt

tirsdag 21. mai 2024

Fana 3-dagers: Yvonne med siger, Ola med andreplass!

Tradisjonen tru skipa Fana IL sykkel til Fana 3-dagers i pinsehelga. Fire flotte ritt på tredagar, i strålande vær. Vossevangen CK markerte seg godt! Yvonne Berge Børsheim sesongdebuterte og tok like godt å vann alle fire ritta i K15-16 og tok sjølvsagt samanlagtsiger og gul trøya

tirsdag 14. mai 2024

Kristin og Ola med sterk sykling i Oslo

Ola på gateritt
Frøy IL skipa til Oslo tredagers helga som var. For Vossevangen CK stilte Kristin Eidsheim Sønnesyn og Ola Blikberg Herheim. Det opna med tempo fredag kveld, og der imponerte Ola kraftig med ein 9. plass, med alle dei beste på plass, inkludert juniorlandslaget. Laurdagen var det gateritt rundt Akershus festning og då var Kristin på plass også. Ho sykla inn til ein veldig bra 8. plass i

Solid sykling på Nordhordland rundt

Vossevangen CK hadde fleire ryttarar til start på årets Nordhordland rundt. Thomas Vethe sykla godt og sat med frontgruppa til mål på tida 2:07:42, berre 14 sekund bak vinnaren Magnus Brandseth. Olav Midttun kom inn på solide tida 2:16:53. Kent Ove Heimdal vart diverre ein DNF, og Marius Flatabø gjekk i asfalten halvvegs ut i rittet og måtte også bryta.