lørdag 18. september 2021

Tipp topp terrengsykkeldag i Bømoen

Klette, nr. 1 raud løypa
I dag skipa Vossevangen CK til det femte og siste rittet i Sykkelbutikkøppen. I strålande haustvær og flotte forhold storkosa over 50 born, ungdomar og vaksne seg på dei utrulege stiane i Bømoen. Hans Inge Klette frå arrangørklubben viste seg som den sterkaste av dei som sykla tre rundar og vann på tida 46:25. Kristian Ellertsen frå Dragefjelle løpeklubb og Rune Herheim fro Vossevangen CK kjempa om

tirsdag 14. september 2021

Terrengritt i Bømoen laurdag 18.9

No fyrstkomande laurdag 18.9 kan alle med terrengsykkel og som er glad i flotte stiar få seg ei flott oppleving i Bømoen. Vossevangen CK skipar til årets femte og avsluttande ritt i Sykkelbutikkøppen med barneritt kl. 1130-11:45 (dei under 10-11 år) og så fellesstart for alle kl. 12 der ein kan velja om å sykla 1, 2 eller 3 rundar. Les meir på vår sida med informasjon om tilskipinga, og sjå ein heilt fersk video av løypa! Me kan røpa at det er aldeles strålande forhold i Bømoen!

mandag 13. september 2021

Kristin med nok ei god ritthelg

I helga som var gjekk Bergen ritthelg av stabelen, skipa til av Bergen CK. Laurdagen var det motbakke-tempo opp til Bontveit, og sundag var det fellesstart på Sotra. Kristin leverte nok ei gong sterke ritt. På tempoen fekk ho den gode tida 17:15, og på sundag vann ho fellestarten etter med ein god

søndag 5. september 2021

Kristin og Ola på pallen på Øygarden sykkelfestival

Denne helga skipa Sotra CK til Øygarden sykkelfestival. Fyrste ritt var fredag kveld, motbakketempo opp til Fjell festning. Kristin var raskaste kvinne til toppen på tida 10:53. Ola vart nr. 2 i M13-14 med tida 11:02. Laurdag var det Sture fellesstart, ute ved Tjeldstø langt nord i Øygarden.