tirsdag 22. februar 2022

Tinging av nye Vossevangen CK klede

No kan du tinga deg nye bunad for sesongen! Nettbutikken er open fram til og med måndag 28. februar! Klikk deg inn på denne lenkja for å koma til nettbutikken. Dei som har konto frå før kan bruka same påloggingsinfo som før, de andre må registrera ny konto. 

NB: Det er viktig at de les gjennom informasjonen som ligg under fana INFO. Der forklarar dei om dei to modellane dei har, Icon og Epic, om leveringsinformasjon og storleikar. Du kan ikkje levera innatt kle viss dei ikkje passar, så gå over kroppen din og ta ærlege mål av bryst, mage og hofter. De veit kva proffsyklistane seier: ta mål to gonger, tinga ei gong.


Klubben støttar nok ei gong 50 % av prisen på alle kle i klubb-design til alle betalande medlemmer – prisane er justerte i nettbutikken. 

NB: Alle som skal sykla ritt og ynskjer å få refundert startkontingentar må sykla i årets modell.

Me fekk heilt nytt design i fjor, så det er likt som i fjor, men i år har me fått ny sponsor i Lirhus maskin på armane og Endeve har fått ny logo på stjærten.

torsdag 10. februar 2022

Prøving av sykkelklede 15.-16. februar

Vyrde alle Vossevangen CK medlemmer! 

Kleslevrandøren vår, Bioracer, kjem med nytt design på alle kleda sine. Det inneber at alle som skal kjøpa kle må prøva storleikar før dei tingar. Ørjan får ein komplett prøvekolleksjon tilsendt slik at alle må ta turen til Endeve, sykkelavdelinga, tysdag 15. og onsdag 16. mellom klokka 9-17 begge dagar for å prøva. Spre bodskapen!