søndag 30. juni 2024

Dobbel bronse til Kjetil på NM terreng!

I helga var det NM rundbane og kortbane arrangert av Vigrestad SK. Kjetil Kiledal Isaksen deltok i M45-49 for Vossevangen CK, og det gjekk som det pleier for Kjetil: edelt metall begge dagar! Laurdagen var det rundbane, og du kan lesa Kjetil sin rittrapport frå det rittet under. I dag var det kortbane, og på Direktesport.no fekk ein sjå korleis Kjetil plukkar plass etter plass, særleg dei siste 2-3 rundane. Til slutt er det berre tre mann før han totalt i alle masterklassane, og han får ein ny sterk 3. plass i

søndag 23. juni 2024

Ola nr. 5 og 11 på NM landeveg

Bodø CK arrangerer årets NM i landeveg. Ola Blikberg Herheim syklar i juniorklassen og deltok på tempo torsdag og fellestart laurdag. Det gjekk aldeles strålande, men ein overraskande sterk 11. plass på tempo og ein endå meir overraskande sterk 5. plass på fellestarten. Tek ein omsyn til at Ola framleis berre er 16

mandag 10. juni 2024

Ola med solid sykling i Frankrike

Ola Blikberg Herheim fekk på litt kort varsel tilbod om å vera med NCF Region Sør på UCI 2.1 etapperittet Côte d’Or Classic Juniors i helga som var. Eit stort startfelt på over 160 ryttarar, med sterke lag frå Frankrike, England, Nederland, der kvart lag hadde seks ryttarar. Det var live-sending frå alle etappane, med filming frå fleire motorsykklar (sjå videoar under).

Lagpresentasjon!
Ola var i hovudsak med for å få hjelpa kapteinen og få internasjonal matching og erfaring. Laurdagen var det fyrst fellesstart på 86 km i ei flat løypa. Det vart køyrt hardt med snittfart på 45 km/t og feltet sprakk opp, men Ola var pigg og klarte å ligga langt framme heile tida og vart den som hjalp kapteinen i spurten. Sjølv endte Ola opp som nr. 58 og 11 sekund bak vinnar. Laurdag ettermiddag var det 20 km lagtempo, og her måtte Ola grava djupt sidan fire av dei andre på laget hadde

lørdag 8. juni 2024

Tre pallplassar til VCK på Bergsdalen opp

Tidleg i juni er det tradisjon for Daledagane, og det inkluderer Bergsdalen opp. Løypa er frå Dale sentrum opp til Storefossen, omlag 4 km med jamn 10 % stigning. Håkon Skjoldi tok heim sigeren i klassen for dei mellom 13-16 år med den solide

onsdag 5. juni 2024

Strålande Bergen-Voss

Årets Bergen-Voss må gå inn i historia som ein av dei mest vellukka. Strålande sykkelvær, lett medvind i Hardanger og kanon innsats av arrangøren Bergen CK og deira medhjelparar frå andre klubbar. Det var over 1500 påmeldte og snaue

mandag 3. juni 2024

Håkon nr. 9 samanlagt på Lillehammer sykkelfestilval

I helga som var reiste Håkon Skjoldi (14) på sitt fyrste nasjonale ritt på austlandet, nemleg Lillehammer Sykkelfestival. Ritta er ein del av den nasjonale Joker serien med ritt for dei mellom 10-16 år. Håkon held fram med framgangen på sykkelsetet og tok med seg to 10. plassar på motbakketempo og fellestart, ein 12. plass på gaterittet og ein 13. plass på tempo. Til saman gav det ein flott 9. plass i