Klette, nr. 1 raud løypa |
lørdag 18. september 2021
Tipp topp terrengsykkeldag i Bømoen
tirsdag 14. september 2021
Terrengritt i Bømoen laurdag 18.9
No fyrstkomande laurdag 18.9 kan alle med terrengsykkel og som er glad i flotte stiar få seg ei flott oppleving i Bømoen. Vossevangen CK skipar til årets femte og avsluttande ritt i Sykkelbutikkøppen med barneritt kl. 1130-11:45 (dei under 10-11 år) og så fellesstart for alle kl. 12 der ein kan velja om å sykla 1, 2 eller 3 rundar. Les meir på vår sida med informasjon om tilskipinga, og sjå ein heilt fersk video av løypa! Me kan røpa at det er aldeles strålande forhold i Bømoen!
mandag 13. september 2021
Kristin med nok ei god ritthelg
I helga som var gjekk Bergen ritthelg av stabelen, skipa til av Bergen CK. Laurdagen var det motbakke-tempo opp til Bontveit, og sundag var det fellesstart på Sotra. Kristin leverte nok ei gong sterke ritt. På tempoen fekk ho den gode tida 17:15, og på sundag vann ho fellestarten etter med ein god
søndag 5. september 2021
Kristin og Ola på pallen på Øygarden sykkelfestival
Denne helga skipa Sotra CK til Øygarden sykkelfestival. Fyrste ritt var fredag kveld, motbakketempo opp til Fjell festning. Kristin var raskaste kvinne til toppen på tida 10:53. Ola vart nr. 2 i M13-14 med tida 11:02. Laurdag var det Sture fellesstart, ute ved Tjeldstø langt nord i Øygarden.
mandag 7. juni 2021
Kristin nr. 9 i fyrste NC-helg landeveg
I helga som var gjekk årets fyrste Noregs-køpp runde for landevegssykling av stabelen i Stjørdal. Kristin Eidsheim Sønnesyn fekk med seg både tempoen på laurdag og fellesstartrittet på sundag. Etter ein uheldig navigeringssvikt på laurdagen slo Kristin til med eit kjemperitt og 9. plass sundagen. Me gratulerer! Sjå resultat her og les Kristin sine rittrapportar under.
Dag 1 - tempo: Kupert tempo skulle vera noko for meg. Men eg sykla feil. Kort sagt. Sånn kan det gå med eit stressa hovud. Betre lukke neste gong. Kroppen kjendes
mandag 24. mai 2021
Fana 3-dagers: Siger til Kristin og debut for Skage
Denne langhelga gjekk Fana 3-dagers av stabelen. Laurdagen var det Lønningenrittet, sundag var det Lonevågrunden samt ein tempo og måndagen var det Osterøy fellesstart. For Vossevangen CK stilte Kristin Eidsheim Sønnesyn i kvinner senior på laurdagen og måndagen, medan Skage Ringheim-Helgaset debuterte i G14 med dei to ritta på sundagen. Kristin viser storform og vann begge ritta ho stilte i! Og med sigeren i dag vart ho også regionsmeister! Skage hang fint med lenge og fekk med seg to fine fjerdeplassar. Sjå resultat her: Lønningenrittet, Lonevågrunden, Lonevågen tempo og Osterøy fellesstart. Sjå bileta og les Kristin og Skage sine rittrapportar under.
torsdag 20. mai 2021
Fin-fin tempo-test på Sæthre
I dag gjekk Vossevangen CK sin sagnomsuste tempo-test på Sæthre av stabelen. I ti grader, turr asfalt og litt motvind fram til vending, fekk ein fin gjeng kjend litt på det å ta i og jaga sekundar att. Jørund sette dagens raskaste tid med 14:17 medan Rune var raskast av dei med landevegssyklar på tida 14:47. Thomas smadra sin tidlegare personlege rekord og tok tredjeplassen med 15:05. Skage Ringheim-Helgaset, 14 år, debuterte med den sterke tida 17:54. Sjå komplett resultatlista under samt fleire bilete teke av dagens startar og fotograf, Bjarte Vethe:
mandag 19. april 2021
Oppstart fellestreningar tysdag 20. april
Då er det endeleg klart for å starta med fellestreningar.
Les meir om dette på våre sider med info om treningar.
søndag 18. april 2021
Sesongstart: Stend gateritt og Rådalen rundt
Denne helga var det sesongstart med to landevegsritt i Bergen for dei opp til 21 år. Laurdag var det Stend gateritt og sundag var det Rådalen rundt, begge dagar med strålande vær. For Vossevangen CK stilte Ola Blikberg Herheim til start i M13-14. Han sykla godt på gaterittet laurdagen og tok ein 4. plass, trass i at han var uheldig då han mista kjedet to gonger og fekk ein velt i ein motbakke. Dagen etter unngjekk han uhell
søndag 21. mars 2021
Medlemskap i Vossevangen CK
Vossevangen CK ynskjer nye medlemmer hjartleg velkomne! Det kostar berre 100,- for ungdomsmedlemskap og 450 for ein heil familie. Les meir om kva du skal gjera for å verta medlem på denne sida.
Som medlem i Vossevangen CK får du gode prisar og ikkje minst rask
fredag 19. mars 2021
Tinging av nye Vossevangen CK kle!
No kan du tinga deg nye bunad for sesongen! Nettbutikken er open from til og med torsdag 25. mars! På tysdag vert alle bileta av dei ulike plagga i nettbutikken oppdaterte med korrekt VCK design!
Klubben støttar nok ei gong 50 % av prisen på alle kle i klubb-design til alle betalande medlemmer - prisane er justerte i nettbutikken.
Klikk deg inn på denne lenkja for å koma til nettbutikken. Dei som har konto frå før kan bruka same påloggingsinfo som før, de andre må registrera ny konto.
Klubben støttar nok ei gong 50 % av prisen på alle kle i klubb-design til alle betalande medlemmer - prisane er justerte i nettbutikken.
NB! Skotrekk, hanskar og sokkar vert bestilt inn av klubbben, og så kjøper medlemmene frå klubben sitt lager - til gode prisar sjølvsagt.
I år vert det viktig å handla litt, for bunaden vår kjem i flott nytt design, sjå video og
søndag 28. februar 2021
Ørjan Hirth-Horvei ny leiar i Vossevangen CK
I dag var det årsmøte i Vossevangen CK, og Ørjan Hirth-Horvei vart vald som ny leiar i klubben og Sindre Hirth som nytt styremedlem. Geir Ove Byrkje og Dag Tore Roe har begge hatt fleire år som leiar og styremedlem, men no slepp dei nye krefter til. Me takkar begge to for innsatsen, og me ynskjer Ørjan og Sindre lukke til med arbeidet!
Styret til Vossevangen CK er frå i dag av sett saman slik som dette: Ørjan Hirth-Horvei (leiar), Martin Hindenes (kasserar), Stine Gjerald (styremedlem) og Sindre Hirth (styremedlem).
Styret til Vossevangen CK er frå i dag av sett saman slik som dette: Ørjan Hirth-Horvei (leiar), Martin Hindenes (kasserar), Stine Gjerald (styremedlem) og Sindre Hirth (styremedlem).
lørdag 23. januar 2021
Årsmøte 2021
Årsmøte i Vossevangen CK!
Årsmøte vert halde sundag 28.2 kl 19.30. Kvar møtet skal haldast og om me må ta det digitalt kjem an på kor mangen me blir og korleis covid-situasjonen er når det nærmar seg.Me er derfor avhengig av å ha ei påmelding til møtet, du kan melda deg på i kommentarfeltet under saka på facebook eller på mail: vossevangen.ck@gmail.com innan 15.2.
Saksliste som fylgjer;
...
1. Godkjenne stemmeberetta.
2. Godkjenne innkalling og saksliste.
3. Val av ordstyrar, referent og to medlemmar til å signere protokoll.
4. Årsmelding og rekneskap.
5. Medlemskontingent 2021.
6. Innkomne framlegg.
7. Val
Saker som ein ynskjer å melde til årsmøtet kan sendast på vossevangen.ck@gmail.com innan 15.2.21.
Venleg helsing Styret.
2. Godkjenne innkalling og saksliste.
3. Val av ordstyrar, referent og to medlemmar til å signere protokoll.
4. Årsmelding og rekneskap.
5. Medlemskontingent 2021.
6. Innkomne framlegg.
7. Val
Saker som ein ynskjer å melde til årsmøtet kan sendast på vossevangen.ck@gmail.com innan 15.2.21.
Venleg helsing Styret.
Abonner på:
Innlegg (Atom)