
søndag 26. mai 2013
Vossevangen CK i farta på NH-rundt

lørdag 25. mai 2013
VCK sette farge på Stalheimskleiva opp

Bjarte vann Landegrensen med Atea Pro Aktiv
Bjarte Vethe, Vossevangen CK/Tema Atea Pro Aktiv vann i dag landevegsrittet Landegrensen. Bjarte kom i mål saman med 13 andre frå laget. Sjå resultat på våre resultatsider.
Vidar nr. 8 i årets fyrste norgescup terreng
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Team Toyota Fuji vart i dag nr. 8 i Montebellorittet. Dette var det fyrste rittet i årets norgescup terreng maraton. Les meir på Vidar sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.
torsdag 23. mai 2013
Rapport frå dagens motbakketempo
Hulken Hanevik |
Trass i lett motvind heile vegen vart det sykla styggfort. Nikolai og Jørund leverte kjempeløp. Magnus er eit råskinn på flatar, men i dag slo han til med ein 3. plass.
onsdag 22. mai 2013
Bakketempo Liland-Hamlagrø torsdag 23. mai
Ritt nr. 2 i Vossevangen CK sin "interncup" er ein motbakketempo med enkeltstart frå Hamalgrø til Liland. Oppøte på meieriet kl. 18 for felles oppvarming. Alle som vil kan delta!
To VCK-arar på Skjærgårdsrittet
Helge Erik Mæland og Bengt Arvidsson representerte Vossevangen CK i årets Skjærgårdsritt. Helge Erik kom inn på tida 2:29 og Bengt på 2:55. Vann gjorde Team Meistersykkel på ny løyperekord: 1:56:29. Sjå resultat på våre resultatsider.
tirsdag 21. mai 2013
Sponsing av rittsett til ryttarar under 20 år
Oppdatert informasjon om sponsing av sykkelklede til ungdomsmedlem i Vossevangen CK: Sjå sida vår med informasjon om klede og klesbestilling.
søndag 19. mai 2013
Atea Pro Aktiv med siger i Nordmarka rundt
Samstundes med at Seksvassrunden gjekk her lokalt, var Vossevangen CK representerte i det knallharde rittet "Nordmarka rundt". Vidar Mehl køyrde for Atea Pro Aktiv, og dei smadra den gamle løyperekorden med 9 minutt. Dei slo Rye-ekspressen med 7 minutt og Team YT Torshov med omlag 5 min. Vossevangen CK skulle eigentleg hatt to mann med på laget til Atea, men Bjarte Vethe laut stå av pga. sjukdom. Les meir på Vidar sin blogg. Me gratulerar Vidar med ein ny flott siger! Sjå resultat på våre resultatsider.
6-vatn: Spreke VCK-arar, særleg Vebjørn!
![]() |
Vebjørn opp Tjukkabygde |
onsdag 15. mai 2013
Nikolai nr. 2 i Continentalcupen

Les Nikolai sin rittrapport:
mandag 13. mai 2013
Viktig informasjon frå leiar
Vyrde syklistar!
1. Eg vil få minne om utsendt medlemsgiro for 2013. Ver gild og betal denne snarast!
2. Tinging av klede: Me tek ein ekstrarunde på tinging av klubbklede. Er det noko du manglar? Eller har du berre frykteleg lyst på ei Vossevangen CK-tempodrakt? Då har du sjansen no! Registrer deg i nettbutikken: http://inverse.proline.no/. Kodeordet har du fått tilsendt på e-post. So er det berre å tinga det ein ynskjer. Me har visse krav til oss til minimumstingingar pr. del osv, men dette tek me etterkvart om det vert aktuelt. Gje ein lyd til meg om ein det er noko ein lurar på.
Beste helsing, Jørund Rong, Leiar i Vossevangen CK.
1. Eg vil få minne om utsendt medlemsgiro for 2013. Ver gild og betal denne snarast!
2. Tinging av klede: Me tek ein ekstrarunde på tinging av klubbklede. Er det noko du manglar? Eller har du berre frykteleg lyst på ei Vossevangen CK-tempodrakt? Då har du sjansen no! Registrer deg i nettbutikken: http://inverse.proline.no/. Kodeordet har du fått tilsendt på e-post. So er det berre å tinga det ein ynskjer. Me har visse krav til oss til minimumstingingar pr. del osv, men dette tek me etterkvart om det vert aktuelt. Gje ein lyd til meg om ein det er noko ein lurar på.
Beste helsing, Jørund Rong, Leiar i Vossevangen CK.
Vidar punkterte frå 5. plass på Helgøyatråkket
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fujii Team, sykla godt men var uheldig og punkterte frå ein 5. plass på terrengrittet Helgøyetråkket i helga. Vidar hadde los på 4. plassen, og langt ned til nr. 5 då uhellet var ute. Sidan han måtte snu for å få tak i slange og pumpa enda dagen med ein noko kjedeleg 19. plass. Les meir på Vidar sin blogg, og sjå resultat på våre resultatsider.
onsdag 8. mai 2013
Nikolai nr. 3 i fyrste continentalcupritt

mandag 6. mai 2013
Vidar nr. 2 på JH-rittet

torsdag 2. mai 2013
Tempotest 2. mai i sludd, storm og 0 grader
onsdag 1. mai 2013
Bjarte og Vidar vann Enebakk rundt

Nikolai i vinnarpulja på Os Rundt

"Årets Os rundt gjekk som alltid på 1.mai, og sjølv om værprognosane meldte 4 grader, sludd og regn, slapp me unna med med opphaldsvær. Etter eit par veke med sure og stive bein, var eg spent på formen. Mange gode namn på startlisto, men
Tempotest torsdag 2. mai på Sætre

Abonner på:
Innlegg (Atom)