søndag 28. april 2024

Rådalen rundt: To sigrar og to velt

I overraskande flott vær gjekk Rådalen rundt av stabelen i dag føremiddag. Fana IL sykkel viste seg nok ei gong som fram som røynd arrangør. Vossevangen CK stilte med heile seks ryttarar! Kvassaste resultat fekk Kristin Eidsheim Sønnesyn med siger i senior kvinner og Filip Eidsheim med siger i M30-34. Kristin sykla med M15-16 og hang godt med heilt inn, medan Filip sat med inn med frontgruppa av det som i utgangspunktet var eit stort herrefelt med junior, senior og

onsdag 10. april 2024

Sesongstart med sju ritt på ni dagar

Ola Blikberg Herheim frå Vossevangen CK starta rittsesongen med sju ritt på ni dagar. Fyrst var det Tre Dage i Nord i Danmark siste tre dagane av påsken. Ritta var prega av flate trasear med mykje sidevind og store startfelt, med andre ord mykje nytt for Ola. Han viste likevel lovande takter, sykla godt i felt og klarte å ligga mykje framme. Då unngjekk han å hamna bak splittar og hadde fått gode plasseringar alle tre dagane hadde det ikkje