Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, stilte i dag til start på det hardaste rittet i Noregskøpppen i maraton terrengsykling. Furusjøen rundt er så hardt på grunn av lengda på 73 km, dei lange og bratte motbakkane, dei friske og lange nedkøyringane og dei svært lange og til dels tekniske stipartia. Dette gjer at det vert svært mykje vant mellom båtane - rittet skil kraftig. Nikolai enda til slutt på ein solid 14. plass. Carl Fredrik Hagen vann suverent, 8 minutt før tidlegare Vossevangen CK syklist Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng. Les Nikolai sin rittrapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.
lørdag 25. juli 2015
lørdag 18. juli 2015
Nikolai med i front på Valdresrittet
Nikolai i spurten! |
mandag 13. juli 2015
Jørund nr. 14 i Master-NM fellesstart
Jørund Rong representerte Vossevangen CK sine fargar på fellesstarten i master-NM i helga. Det vart lagt opp til eit hardt ritt i Hallingdalen, der løypa hadde fleire lange og harde motbakkar og nokre friske nedkøyringar. Ikkje uventa hang Jørund med teten oppover, men laut gje luka til dei beste nedover. Likevel vart det eit sterkt resultat med 14. plass i klassen og berre 10 minutt bak vinnaren. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Jørund sin rittrapport under.
søndag 5. juli 2015
Kjetil med siger i Jotunheimen Rundt!
Kjetil Isakssen (Vossevangen CK) leverte ein ny stor prestasjon i helga, då han vann Jotunheimen Rundt! Noreg hardaste turritt hadde i år 25-årsjubileum, og rittet var fullteikna i god tid før start. Startfeltet var sterkare enn på lenge og været var perfekt: Sol, fint temperatur og svak vind i ryggen! 430 kilometer og 4609 høgdemeter er uansett knallhardt :-) Vossevangen CK hadde i tillegg med Jon Arild Hellebust. Kjetil har sendt oss fylgjande rittrapport:
Kjetil leiar tetgruppa ned Sognefjellet. Hurrungane bak! Foto: Håvard Nesbø |
Abonner på:
Innlegg (Atom)