tirsdag 6. juni 2023

Ny runde med tinging av kle – frist 12.6!

No kjem ein ekstrarunde med tinging av VCK-kle! Nettbutikken er open fram til og med måndag 12. juni! Klikk deg inn på denne lenkja for å koma til nettbutikken. Dei som har konto frå før kan bruka same påloggingsinfo som før, de andre må registrera ny konto.

No kan ein endeleg få kjøpa lause armar og bein med VCK-logo, Vossevangen caps og både svarte og

søndag 4. juni 2023

Bergsdalen opp: Guro med siger og Ola med andreplass

Laurdag 3. juni var det tid for Bergsdalen opp. I flott sommarvær vart ryttarane gode og varme dei 4 kilometrande med 10 % opp til Bergsfossen. Guro Rong sykla sitt fyrste sykkelritt nokonsinne og klinte til med siger i fyrste forsøk og var raskaste totalt i heile dameklassen med 17:32. Det ser ut til at Guro bør sykla fleire sykkelritt framover. Ola Blikberg Herheim tok andreplass totalt i

Fint VCK-dusin på årets Bergen-Voss

Laurdag 2. juni gjekk Bergen-Voss av stabelen. Vossevangen CK hadde 12 ryttarar med, som alle sykla godt i sol og fin temperatur. Vår raskaste var Thomas Vethe som sette ny personleg rekord med 4:17 og tok andreplass i M20-24 og vart nr. 32 totalt. I fylgje rapportane var det mange nøgde syklistar, så til neste år satsar me på endå fleire med frå Vossevangen CK.