mandag 9. september 2019

Terrengritt i Bømoen 14. september

Den 14. september skipar Vossevangen CK til det avsluttande rittet i Sykkelbutikken terrengkøpp. Dette finn sjølvsagt stad i Bømoen, og det vert både barneritt og ritt for ungdom/vaksne. Med andre ord: Berre å ta med heile familien! Sjå meir info, om påmelding og slikt, og ikkje minst den nye videoen av traseen for 2019 ved å klikka her.

lørdag 7. september 2019

tirsdag 20. august 2019

tirsdag 6. august 2019

Kristin og Filip til topps i Haute Route Norway!

Haute Route er ein organisasjon som skipar globale fleirdagarsritt for amatørar. Ritta strekkjer seg over 3 - 7 dagar, og finn stad over heile verda, med hovudvekt på Italia og Frankrike. Dei siste åra har det også vore arrangert eit tredagarsritt i Stavanger-regionen, og her var Vossevangen CK representert med ekteparet Sønnesyn-Eidsheim.

Vossevangen CK heilt på grenso!

50D0696
Rune i fin posisjon på sin lekre Scalpel.
Ikkje mykje å trekke for her!
Foto: Kondis/Bjørn Johannessen
Grenserittet går frå Strømstad til Halden, og har etablert seg som eit av dei største og mest prestisjefylde terrengritta i Noreg. Me hadde tre ryttarar til start, og alle sykla sterkt! Her kan de lese korleis Bjarte Vethe, Rune Herheim og Geir Karlsen opplevde dagen i skogar, på jorder og over svaberg i vakre Østfold.


Bjarte sin tur
Hei, her er ei lita rapport frå Grenserittet; kjørte løpet på lørdag, 80 km, med start i Strømstad og mål i Halden ved Fredriksten festning. Løypa veksler mellom grus og stier og kor løypa er

søndag 21. juli 2019

Bjarte og Rune nr. 3 på Offroad Valdres

Offroad Valdres gjekk av stabelen i helga. Dette er eit ritt for dei som likar å sykla langt og lenge på dei fantastiske stiane dei har i Valdres. Bjarte og Rune representerte Vossevangen Ck i lagtevlinga på heilvegsdistanen som denne gongen var 125 km. Dette gjorde dei på framifrå vis og henta

torsdag 18. juli 2019

Valdresrittet 2019


13.juli var det klart for Valdresritter, 53km på sti og grusveg med star/mål på Vaset, vest for Fagernes.

lørdag 6. juli 2019

Sognefjellrittet 2019

Sognefjellrittet er eit ritt på 137km som går i flott natur frå Lom over Sognefjellet til Skjolden, ut fjorden til Marifjøra, der kjem den siste stigningen på ca. 20minutt opp til Hafslo og så ut til Sogndal der det er målgang.

tirsdag 2. juli 2019

NM Masters 2019

30. juni arrangerte Nordhordland Sykkelklubb NM masters fellesstart i ei rundløype på 19km og 360 høgde meter som skulle syklast 3 ganger for kvinnene.

mandag 1. juli 2019

Ein liten oppsummering av første halvdel av sesongen.



 
Sjølv om sommaren aldri heilt har kome i gang i år har VCKarane vore ute å testa formen i fleire ritt, her kjem ein liten oppsummering av sesongen så langt.

søndag 2. juni 2019

Viktig info til klubbens medlemmer!



Som sikkert dei fleste har fått med seg så er me så heldige at me har fått S. Endeve Sport bak på dei nye buksene våre, dette er ein avtale som gjev klubbens medlemmar gode fordeler:

onsdag 29. mai 2019

Sætre-Tempoen


Endeleg var det klart for Sætre tempo-test igjen, for første gong sidan 2015 skulle testen arrangeras og sjølv om det var mange nye med på testen var fortsatt mykje som før, som vanleg var været mindre bra, me var innom 3 årstider(mangla sommar) i løpet av ettermiddagen og som sist var Rongen kongen og vann overlegent.

tirsdag 28. mai 2019

Skjærgårdsrittet 2019


Sundag 26. mai var det klart for den 40. utgåva av Skjærgårdsrittet, VCK hadde 5 ryttera klare til start på det 85km lange rittet.

torsdag 23. mai 2019

Nordhordaland Rundt


Sundag 19.mai var det klart for Nordhordaland Rundt, i strålande vær hadde heile 11 VCKara tatt turen til Radøy for å sykla den nesten 9 mil lange runden, ekstra kjekt å sjå så mange nye Vossevangara til start.

onsdag 22. mai 2019

Sætre-Tempoen!!!

Laurdag 1. juni er det Bergen-Voss så det passer dårlig for mange med hardøkt på torsdagen før, så neste veke bytter me om tysdag og torsdag treninga. Tysdag 28. mai prøver me til med Sætre-tempoen, me møter som vanlig på meieriet kl.18.00 for felles oppvarming.
Løypa er på sør-sida av Vangsvatnet, er ca.10km lang og me startar ein og ein, så ingen treng være redd for å ikkje henge med, du syklar så fort du klarer og konkurrerer først og fremst mot deg sjølv.



fredag 3. mai 2019

Os rundt

1.mai var det igjen klart for OS rundt, ikkje det lengste rittet i sesongen, men for mange det første og med høg fart i 40km kan det bli hardt nok.

torsdag 25. april 2019

Sykkelbutikk-køpp i Skageskogen

Rittsesongen er i gang! Nikolai og Rune forsvarte Vossevangen Ck si æra på knallflotte stiar over seks rundar i Skageskogen utanfor Bergen i går. Dette var fyrste rittet i årets Sykkelbutikk-køpp. Joachim Jordan viste at han framleis har krut i pedalane og tok ein fin siger. Nikolai, i sitt fyrste ritt sidan Offroad Valdres for mange herrens år sidan, sykla seg rett inn på pallen. Rune sleit litt meir, men kom seg inn på ein femteplass. Sjå resultatlista, og les gutane sine rittrapporar under!

mandag 8. april 2019

Fellestrening 2019


Då er tida komen for å parkere spinningsykkelen og komme seg ut på landevegen igjen, første trening blir tirsdag 9.april. Me syklar samla frå Meieriet kl.18:00 og triller ein rolig tur.
opplegget blir som før, rolig på tirsdager, i eit tempo så me kan sykla samla og ALLE kan følge med uansett korleis formen er etter vinteren. Torsdager blir det hard økt, men det blir lagt opp slik at alle kan vere med der og, me varmer opp ilag og kvar enkelt sykler sine intervaller i sitt tempo.
Både tirsdager og torsdager er det oppmøte på Meieriet kl.18:00
Møt opp, alle er velkomne

lørdag 23. mars 2019

VCK medlemskap 2019!!

Ein ny sykkelsesong er på gang, og det er på tide å fornya medlemskapet i VCK.


Medlemssatsane er:
Enkeltmedlem kr 300,-
Familiemedlemskap kr 450,-
Ungdomsmedlem(under 20år) kr 100,-
Støttemedlem kr 100,-
Betaling skjer til kontonr: 3480.11.59526 innan 15.april


Merk betalinga med kven det gjeld, hugs at dei som nyttar familiemedlemskap må senda inn navn og fødselsnummer til alle i familien, dette gjer du på e-mail: erlendme@hotmail.com


Her kan du tinga lisens: www.eqtiming.no
Hugs at eit medlemskap for 2019 er ein forutsetning for å få støtte til dei nye sykkelkleda som er på veg, sykkelritt, treningsleir osv.

 Velkommen som medlem i VCK.
 
 

tirsdag 19. februar 2019

Årsmøte!


Årsmøte i Vossevangen CK!
Årsmøte vert halde i kjellaren på Peppes Pizza sundag 24.2 kl 19.30.
Saksliste som fylgjer;
...
1. Godkjenne stemmeberetta.
2. Godkjenne innkalling og saksliste.
3. Val av ordstyrar, referent og to medlemmar til å signere protokoll.
4. Årsmelding og rekneskap.
5. Medlemskontingent 2019.
6. Innkomne framlegg.
7. Val

Saker som ein ynskjer å melde til årsmøtet kan sendast undertegna på dagtore.roe@gmail.com innan 20.2.19.

Venleg helsing Styret.