onsdag 9. mars 2022

Søknad om stønad

Dei som skal satsa aktivt komande sesong kan søkja klubben om støtte. Stønaden kan nyttast til reise, opphald, påmelding og lisens (ikkje til kjøp av utstyr). Vilkår ein legg vekt på ved tildeling: Resultat frå tidlegare år og Alder og utviklingspotensiale. 

Alle utøvarar som får tildelt stønad skal signera kontrakt med klubben før utbetaling kan skje. Utbetaling vil berre skje om villkåra i kontrakt er oppfylt. Utøvarar med lisens i Vossevangen CK men som i tillegg har kommersiell og/eller sportsleg tilknyting til andre  team/sponsorlag, vil verta prioritert bak dei som satsar for fullt gjennom klubben.

Søknadsfrist er 22.3.2022 for komande sesong. Styret tek atterhald om tilstrekkeleg økonomi. Reglane kan endrast på årsmøtet. Søknad skal sendast til vossevangen.ck@gmail.com 

NB: Minner alle om å registrera seg i det nye digitale medlemsregisteret vårt i Hoopit!

Årsmøte 29.3 kl. 20

Inkalling til årsmøte 2022
Vossevangen cykleklubb

Tid: Tysdag 29. mars kl. 20:00
Stad: Peppes pizza

Sakslista:
1. Opning
2. Godkjenning av kven som har røysterett
3. Godkjenning av innkallinga og sakslista
4. Val av dirigent og to representantar til å underskriva protokollen
5. Årsmelding
6. Rekneskap og budsjett
7. Fastsetjing av medlemskontigenten 2022
8. Martin informerer om Hoopit, vårt nye medlemssystem
9. Rune Herheim informerer om ritt
10. Innkomne forslag
11. Jørund Rong informerer om Tour of Norway
12. Val

Forslag til andre saker som ein ynskjer handsama på årsmøte må væra styre i hende innan 22. mars 2022.

Styret Vossevangen Cykleklubb