søndag 25. august 2013
Vidar vann Raufosskogen MTB i dag
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, viste i dag at Birken-formen er rett rundt hjørne. Han vann dagens Raufosskogen MTB, og det med fleire sterke namn bak seg på resultatlista. Både fjorårets Birkenvinnar Lars Ragnar Manengen og Jan Olav Beitmyren laut sjå bakhjulet til Vidar siga i frå seg ... Sjå resultat på våre resultatsider.
lørdag 24. august 2013
Voss-Geilo, vakkert men knallhardt

søndag 18. august 2013
Nikolai vann Sykkel Rett Vest i dag!

"Var i dag med på Rett Vest, eit terrengritt som går frå Samnong (Tysse) til Fana stadion. Start kl. 09:00, skikkeleg drittvær, regna hardt og lenge. Roleg ut frå start, dei fyrste km bak fylgjebil. Fyrste bakke var opp frå Samnong. Der satt eg litt fart i front, og me var 3
Vidar nr. 13 i CykelVasan
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, sykla i mål til ein sterk 13. plass i CykelVasan i går. Dette er eit terrengritt som til liks med Vasaloppet er dryge 9 mil frå Sälen til Mora i Sveriga. Det var høgt nivå med mange sterke ryttarar på startstreken. Vidar vart 3. beste nordmann! Les meir på Vidar sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.
søndag 11. august 2013
Norseman: Reisebrev frå Roger svart trøya Eide
Det var ønske om et reisebrev. Så god lesning til den som ønsker. Håper det kan gi litt inspirasjon til at nåken fleire blir med å kasta seg i vatnet.
Norseman 2013 – Racereport (evt. reisebrev)
Norseman 2013 har vært hovedmålet for sesongen 2013! Fekk plass gjennom
Norseman 2013 – Racereport (evt. reisebrev)
Norseman 2013 har vært hovedmålet for sesongen 2013! Fekk plass gjennom
lørdag 10. august 2013
Vidar nr. 5 på HelteRittet
I dag gjekk også HelteRittet av stabelen med fleire av dei beste terrengsyklistane i Noreg på startstreken. Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team punkterte og laut sykla fem mil åleina, men kom likevel til mål på ein sterk 5. plass. Fredrik Wilmann frå Team Hardrocx-Abax-racing vann rittet på tida 3:39:04. Vidar skildrar ritta sine på bloggen sin. Sjå resultat på våre resultatsider.
Klosterrittet i strålande solskin i dag

mandag 5. august 2013
Roger med sterkt Norsemanresultat
Roger Eide, Vossevangen CK triathlon, deltok i helga på Norseman Xtreme Triathlon. Tevlinga startar med eit 4 meter høgt hopp frå ei ferja i Hardangerfjorden. Då lyt ein symja 3,8 km til land i Eidfjord. Deretter er det 180 km sykling frå Eidfjord, over Hardangervidda til Geilo, Dagalifjell og Imingfjell før dei kan avslutta med full maraton frå Tessungdalen og heilt opp til Gaustadtoppen! Roger kom i mål på den sterke tida 15:34:40 og vart med det nr. 94 og ei svart t-skjorte rikare. Han brukte 1:22:39 på symjinga, 8:07:08 på syklinga og 5:58:10 på løpsdelen. Markus Stierli vann med totaltida 11:25:16. Sjå komplette resultat på våre resultatsider.
lørdag 3. august 2013
Vidar med knallsterk 5. plass i Grenserittet!
torsdag 1. august 2013
MTB-ungdomstrening startar opp att 5. august
Måndag 5. august startar me oppatt med ungdomstrening på sykkel i Bømoen. Tidspunktet er framleis kl. 18-19. Me planlegg treningar den 5., 12., 19. og 26. august, samt 2. september. Den 7. september oppmodar me alle til å stilla på eit terrengsykkelritt i Bømoen. Påmeldinga er opna: klikk her.
Abonner på:
Innlegg (Atom)