fredag 11. november 2011
Fellestrening tysdagar 1730-1945 hjå Mosjonsgutane
No er det lagt ut informasjon på treningssidene våre. Der finn du informasjon om tider, kven som er instruktør og kva type spinningsøkt det vert. Gje beskjed i skranken om at du er medlem i Vossevangen Ck. Ein kan òg kjøpa klyppekort viss ein ikkje skal trena så ofte hjå Mosjonsgutane.
søndag 6. november 2011
MALLORCA MARS 2012
Vossevangen CK reiser til Mallorca i siste halvdel av mars 2012. Alle er hjarteleg velkomne til å vera med. Dette er ein makalaus sykkelferie på ei øy som er perfekt for sykling i kort sjåtts i mars. Opplegget er fleksibelt (og billig!): ein vel fritt kva tidspunkt ein reiser ned og heimatt. Me bur på Fontanellas, gå inn og bestill sjølv på Velotel. (I år kan det sjå ut som me vert ein heil delegasjon ... sjå æppetaisar)
lørdag 5. november 2011
Påmelding Birken 2012 ons. 9.11 kl. 09:00!
Onsdag 9. november kl. 09:00 opnar trinn 1 på www.birkebeiner.no. Når du går inn på www.birkebeiner.no vil heile sida verta lagt i ”påmeldingsmodus” frå ca. kl 07:30. Eit nedteljingsur vil visast fram til påmeldinga opnar kl. 09:00.
fredag 4. november 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)