tirsdag 14. juni 2022

Johan Berge Børsheim til topps i Skageskogen

I kveld gjekk det tredje rittet i årets sykkelbutikk-cup. I 14 grader og solskin viste Bergen fram sine beste sider, men mykje regn i forkant gjorde til at løypa hadde fleire meget fuktige og gjørmete parti.

Johan Berge Børsheim viste at han har tatt kjempesteg i terrenget og var klart sterkast i dag. Rune Herheim på andre og Geir Ove Byrkje på tredje sytte for storeslem til Vossevangen CK denne junikvelden i Bergen. Veldig morro med spreke ungdomar i klubben! Sjå fleire bilete under.

lørdag 11. juni 2022

Bergsdalen opp: Kanondag for VCK

I dag gjekk Bergsdalen opp av stabelen, ei motbakketevling der rittet starta 11:30, løpet 11:40 og rulleski rennet 11:50. Vossevangen CK fekk alle sine inn topp ni. Den som imponerte mest var 14 år gamle Ola Blikberg Herheim med ein 3. plass og tida 14:19, kun slått av proffryttar Ådne Holter frå Uno-X og Andreas Hosøy frå Fana SK. Thomas Vethe har

tirsdag 7. juni 2022

Ola med fine ritt på Fana tre-dagers

Denne helga skipa Fana Sykkel til Fana tre-dagers. Dette er ein del av den nasjonale Joker-serien for ungdomsritt med fire ritt på tre dagar. Ola Blikberg Herheim frå Vossevangen CK syklar i 15–16 årsklassen. Dette er ein sterk klasse, og i år stilte dei fleste av dei beste i landet. Ola har delteke på ein del