Vossevangen CK hadde 12 ryttarar i aksjon på årets Birkebeinar-arrangement. Den beste prestasjonen stod Kjetil Isaksen for med ein imponerande 3. plass i
søndag 30. august 2015
torsdag 27. august 2015
Terrengritt i Bømoen 5. september
Laurdag 5. september skipar Vossevangen CK til terrengritt i Bømoen - for store og små! Her kan alle vera med - det er ein klasse for alle. Les meir på vår info-sida om rittet.
lørdag 22. august 2015
Nikolai nr. 11 i Markathriller'n
Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, er reist ein tur til Trondheim for å ta ein master. Då høvde det godt å få med seg terrengrittet Markatriller'n i Granåsen. Etter ein god start, lurvete midtdel og sterk avslutting, enda Nikolai på ein meget godkjent 11. plass. Vossevangen CK sin vinter-triatlet, Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng, vann rittet. Les Nikolai sin rapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.
tirsdag 18. august 2015
Fellestreningar utover hausten.
![]() |
Frå ei tilfeldig fellestrening i Vossevangen CK |
søndag 16. august 2015
Vossevangen CK stilte med 11 stk. på V-G
Voss-Geilo 2015 vert hugsa som motvinds-rittet. Eidjord-Dyranut-Geilo er seigt nok i seg sjølv, men i år la ein solid motvind ein ekstra dimensjon til denne kraftprøven. Vossevangen CK hadde med 11 ryttarar. Bjarte Vethe tok 6. plassen med tida 5:23 og Rune Herheim vart nr. 14 med 5:31. Thierry Matthey, Frode Atterås og Jon Arild Hellebust kom seg òg under seks timar med 5:51, 5:54 og 5:59 høvesvis. Geir Ove Byrkje bomma på 7-timarsgrensa med tida 7:02, Jan Erik Crook fekk 7:27, Erlend Mestad 7:32 og Bengt Arvidsson 8 blank. Cato Vivlid Nilssen og Kjell Olav Tryti fekk begge 8:55. Sjå lenkja til resultat på våre resultatsider.
torsdag 13. august 2015
ContCup i Åsane: Rune nr. 2 og Roger nr. 3
I går sykla Rune Herheim og Roger Eide det tredje rittet i Continentalcup-en. Rittet gjekk rundt i skogen ved Kyrkjekrinsen skule i Åsane. Løypa var variert og utfordrande med både røter, gjørmeparti, opp og ned frå svaberg samt til og med ned ei tråpp - ei teknisk løypa som skilde godt. Kristian Ellertsen viste nok ei gong at slike løyper meistrar han ypparleg og vann med klar margarin. Rune sette ny rekord då han klara å halda fylgje med Ellertsen i over 200 meter og enda til slutt på ein fin-fin og klar 2. plass. Roger suste inn til ein like klar 3. plass i sitt andre ritt i continentalcupen. Sjå resultat på våre resultatsider, og les rittrapportar under.
søndag 9. august 2015
Vossevangen CK på NM maraton terreng
Jon Arild nr. 23 på Klosterrittet
Jon Arild Hellebust tok ansvar og sytte for at Vossevangen CK markerte seg på Klosterrittet i helga. Klosterrittet er eit fint terrengritt på Totland/Bontveit utanfor Bergen med 60 km fordelt på fire rundar. Jon Arild enda til slutt på ein fin 23. plass trass i at det gjekk noko tyngre på slutten p ågrunn av drikkevanskar. Les Jon Arild sin rittrapport under, og sjå resulatliste på våre resultatsider.
mandag 3. august 2015
Kjetil nr. 22 på Criterium gateritt

lørdag 1. august 2015
Silje nr. 5 på Norseman!

Cato representerte VCK i Grenserittet

Abonner på:
Innlegg (Atom)