torsdag 25. august 2022

Ola på 3. plass på Fløyen opp

Ola Blikberg Herheim tok i kveld ein fin-fin tredjeplass på Fløyen opp i M15-16. Dette var eit motbakkeritt i VM-traseen frå 2017, ei solid mota, med mange fine serpentinarar og lite kvile. Sterten gjekk frå nedre stasjon på Fløibanen og målgang var framfor restrauranten på toppen. Ola hadde diverre eit uhell etter 2-3 minutt og hamna i grøfta. Det vart litt knot med å komma seg oppatt og klikka i

onsdag 24. august 2022

Flott dag på fjerde ritt i Sykkelbutikken cup

I går var det ritt nr. 4 i årets Sykkelbutikk køpp. Arenaen var Ulven leir, ei artig og variert løypa i strålande vær. Det var mykje folk og god stemning. Yvonne Berge Børsheim viste nok ei gong fram at ho er eit råskinn på terrengsykkel og tok ein klar siger i klassen for dei under 15 år.

fredag 19. august 2022

Kanon-innsats på NC/Nordisk Oslo Terrengsykkelfestival

Sist helg var det Norgescup og Nordisk meisterskap i rundbane-sykling på Skullerud i Oslo. Det var strålande vær, svært turre forhold og artig løypa, men svært mykje sving, fleire litt tekniske element og mange små nedkøyringar med ein del stein og røter gjorde at det var viktig å vera godt kjent. Vossevangen CK stilte med tre ungdomar som alle er

søndag 7. august 2022

Bjarte og Rune med siger på Offroad Valdres

Laurdag 6. august gjekk Offroad Valdres av stabelen. Det er eit terrengritt som omtrent utelukkande går på sti, og på Golsfjellet er det fantastiske stiar. I utgangspunktet er det eit ritt for lag på 2-3 ryttarar, men no kan også singelryttarar delta. Det var to distansar, ein på 89 km som vert kalla halvvegs og ein på 125 km som vert kalla heilvegs. Bjarte og Rune stilte på 89-kilometeren, og der var dei suverene i lagkonkurransen og vann med